Emnekart og tenesteprosessar. Bruk av emnekart-teknologi som kunnskapsstøtte for utføring av tenester på nettet

Rapport
Id:
2006-3

I Høykom-prosjektet ”Emnekartteknologi og fullført elektronisk saksbehandling på eServicetorget i Numedal i samarbeid med statlige aktører” er bruk av emnekart for integrasjon og tilføring av kunnskap til tenesteprosessar ein viktig del. Prosjektet har valt å fokusera meir på tilføring av kunnskap og visualisering av ulike steg i utføringa av ei konkret teneste, og overlate integrasjonsaspektet til ein felles informasjonsstruktur (LivsIT).

Tre tenester er valde ut i første omgang og modellerte med emnekart-teknologi:
 • Ta førarkort kl. B
 • Bustøtte
 • Byggjesaksbehandling

Vi viser ulike integrasjonsnivå for dei tre tenestene; frå eit null-alternativ med ingen aktiv integrasjon til ein tettare integrasjon med bruk av web services som muleggjer deling av logikk i emnekartet.