Biokol og Pyrolyse – nye moglegheiter for agronomi og klimaomstilling i vestlandslandbruket?

Foredrag
Id:
Juni 2019

Biokol og pyrolyse - nye mogelegheiter for agronomi og klimaomstilling i vestlandslandbruket?

Vestlandsforsking, Kunnskapsparken og Norges Forskingsråd inviterer til webinar om produksjon og bruk av biokol frå landbruksavfall 9. juni kl. 12-15:30.

Webinaret vil bli halde på Microsoft Teams. Møtelenke og praktiske opplysningar sender vi ut på e-post til alle påmelde måndag 8. juni. 

Vi har sett saman eit spennande program med innlegg om kunnskapsstatus, teknologi, lovverk, finansiering og verkemiddel for innovasjon og FoU. Du får også høyre om gode døme på FoU-prosjekt og erfaringar frå etablerte anlegg for biokolproduksjon frå Bø i Telemark og Sandes kommune.

Webinaret er ein del av Vestlandsforsking sitt arbeid i EU-prosjektet ENABLING (H2020) der instituttet er deltakar. ENABLING-prosjektet har utvikla nettbaserte verktøy som kan hjelpe fleire bønder, skogbrukarar og andre som produserer biomasse og bioavfall med å kome i kontakt med industriaktørar slik at dei kan skape verdiar av avfallet og lage nyttige biobaserte produkt.

Les meir om prosjektet og nettverktøya her: https://www.enabling-project.com/

Du melder deg på webinaret ved å fylle ut påmeldingsskjemaet her: https://forskningsradet.pameldingssystem.no/webinar-om-biokol#/home

Vel møtt!

Program webinar (179.51 KB)