Sogn og Fjordane Fylkeskommune har saman med Norges Forskingsråd etablert ei kompetansemeklingsteneste i Sogn og Fjordane som eit av fleire verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI). Kompetansemeklarane frå Vestlandsforsking, Høgskulen og Kunnskapsparken skal byggje bru mellom bedrift og forskingsmiljø. Saman med næringslivet har vi bestemt at fokus for innsatsen i Framtidsfylket er bedrifter i Sogn og Fjordane, uavhengig av bransje, men med FoU- behov. Arbeidet til kompetansemeklarane er i hovudsak finansiert av fylkeskommunen og Norges Forskingsråd.

Målet med VRI kompetansemekling er å auke graden av Forsking og utvikling (FoU) i bedrifter som har potensiale for auka verdiskaping gjennom tettare samarbeid med FoU- miljø. Delmålet til satsinga er også å styrke FoU-miljøa si rolle som samarbeidspart for næringslivet.

Hovudaktivitet vil vere å identifisere, besøke bedrifter som har potensiale for å gjennomføre FoU-prosjekt i samarbeid med kunnskapsmiljø. Så medverke til å identifisere og definere prosjekt og kartlegge mulege finansieringskjelder og vidare medverke til å få dette prosjektet realisert. I tillegg vert det formidla døme på gode erfaringar bedrifter har med VRI-KM.

Måltal: Besøke 15 bedrifter og medverke til etablering av 10 prosjektforslag som involverer bedrifter og kunnskapsmiljø i 2010. Få fram tre gode suksesshistorier : VRI Sluttrapport til forskingsrådet

Denne satsinga er ei vidareutvikling med sterkare regional forankring frå forløparen i Norges Forskingsråds regi der Vestlandsforsking og fylket deltok frå 14.08.2004 - 30.12.2006 Forskingsbasert kompetansemekling.

I 2010 vert det gode samarbeidet med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vidareført i arbeidet. Samarbeid med dei andre VRI-prosjekta vert koordinert gjennom faste planmøte. Også i 2010 skal dei ulike temaområda ha fokus mot kompetansemekling og i den samanheng er det tema å avklare forhold og arbeidsdeling mellom aktørane for å sikre god koordinering overfor bedriftene.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
6096
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: