Verktøykasse for utvikling av innovative nettverk

Del av utviklingsavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking samarbeidde i prosjektet "Innovation in Rural Places - Conditions and Barriers". Prosjektet var eit VRI-prosjekt mellom 2011-2014 finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskningsråd og samarbeidspartane bidrog vesentleg med eigenfinansiering. Resultata av prosjektet har vore rapportar, kronikkar, bokkapittel, presentasjonar og artiklar.

Fylkeskommunen og andre aktørar har interessert seg særskilt for å få utvikla eit nyttig verktøy som gjer bruk av ny kunnskap utvikla i prosjektet. Dette er handlingsplanen for å utvikle og ferdigstille ein første og enkel versjon av ein verktøykasse for utvikling av innovative nettverk.  Denne verktøykassa har eit teoretisk fundament, men skal vere lett tilgjengeleg og ha relevans for både næringsaktørar og verkemiddelapparat.

Forskarar og deltakarar i prosjektet:

Øyvind Heimset Larsen, delprosjektleiar, Vestlandsforsking

Jon Gunnar Nesse, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ingjerd Skogseid,  Hordaland fylkeskommune, næringsavdelinga

Lars Hustveit, Sogn og Fjordane fylkeskommune, næringsavdelinga

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6410
Prosjektleiar:
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Nettverk som arbeider for nyskaping kan gi bedrifter og næringar eit løft. Ny forsking viser kva som kan få slike nettverk til å lykkast.