Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane 2019, fase 6

Velferdsteknologi har fått stor merksemd dei siste åra. Interessa er særleg knytt til ein venta auke i tal på personar med behov for pleie- og omsorgstenester, utan tilsvarande auke i helsepersonell. Velferdsteknologi er ei av løysingane som skal gjere helse- og omsorgstenesta i stand til å oppretthalde kvaliteten på tenestene i åra framover.

Sidan 2014 har eit fagleg samarbeid i fylket jobba med velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er fase 6 av prosjektet «Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane», finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Vestland. Målet er å vidareføre arbeidet rundt felles utvikling av kunnskaps- og erfaringsgrunnlag og å støtte og sikre nødvendige oppfølgingsaktivitetar for dei 24 kommunane som no er med i det nasjonale spreiingsprosjektet.

Ein viktig del av fellesaktivitetane er knytt til utviklinga av eit regionalt responssenter i Flora og å vidareutvikle samarbeidet med sentrale miljø i Hordaland.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/ Vestland
I samarbeid med:
Flora kommune
Førde kommune v/USHT
Prosjektnummer:
6527
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Prosjektmedarbeidarar: