Utgreiing av regional Agenda 21 i Sogn og Fjordane

I samband med at fylkeskommunen skal gjennomføre ei såkalla "tung" rulering av fylkesplanen, er VF bedne om å greie ut konsekvensane av å legge til grunn eit Agenda 21 perspektiv i dette arbeidet. 1. Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming -Kva vil eit mål om berekraftig utvikling innebera i Sogn og Fjordane? -Tilhøvet til sentrale mål i gjeldande fylkesplan om livskvalitet og velferd -Identifisera aktuelle tema/problemstillingar vi kan ta tak i på fylkesnivå grensedragning i høve til lokal Agenda 21 -Omsetja overordna nasjonale mål til fylkesnivået -Klarleggja område der Sogn og Fjordane har særlege utfordringar og fortrinn til å gjera ein innsats 2. Prosess og metode for regional Agenda 21 i fylkesplanarbeidet - Medverknad og mobilisering på fylkesnivå; grensedragning i høve til lokal Agenda 21 - Bruk av partnerskap i prosess og gjennomføring av RA 21 aktuelle partnarar - Modellar for integrering av miljø (grøn bok/regional Agenda 21) i fylkesplanarbeidet. Her tenkjer vi oss t.d. to modellar; Prosjektet er ei vidareføring av ei utgreiing frå 1997.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
2160
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar
Publikasjon(ar):