Satsing på IKT som læremiddel 2019 - 2021
Vestlandsforsking deltek i prosjektet finansiert av fornyings- og innovasjonsmidlar 2019 som sekretær for IT- forum og medlem av arbeidsgruppa IT-forum oppvekst og utdanning. Selje kommune er prosjekteigar på vegne av kommunane i fylket der prosjekt- og arbeidsgruppe er IT-Forum Oppvekst og utdanning.
Vestlandsforsking har ansvar for oppfølging og rapportering.
Gjennom prosjektperioden vil IT-Forum Oppvekst og Utdanning på oppdrag frå regionane legge til rette for og vere rådgjevande i følgjande aktivitetar:
- Vidareutvikling og sikring av kunnskapsdeling som støttar opp om kvalitet på kommunale tenester knytt til god bruk av ikt i oppvekst og utdanningssektoren med årleg konferanse med over 100 engasjerte deltakarar. Denne møtearenaen har lang tradisjon og vart etterspurt dei få åra den ikkje vart gjennomført.
- Vere aktivt rådgjevande for IKT-strategival for oppvekst og utdanning i fylket.
- Legge til rette for informasjon og kompetanse/påfyll gjennom heile året gjennom ein studietur til leiiande nasjonal og/eller internasjonal konferanse.
- Regionalt forum for ikt-satsing der alle regionar og deltakande partar får løfta fram sine viktigaste saker, gjennom ei årleg strategisamling for oppvekst og utdanningsleiarar
- Dialog på tvers av heile oppvekst-, opplærings- og utdanningssektoren, med strategisamling.
- Auka aktivitet i ulike relevante fora i fylket frå ITFOU.
Styrke ei unik rolle for deling, beste praksis og problemløysing på tvers av skuleslag gjennom openheit og informasjon om kva alle jobbar med.