Reetablering av Iversens Hotel 1928 - Korleis bevare ei kulturhistorisk perle gjennom berekraftig fornying og utvikling av rett turisme

«Iversenbygget» i Norheimsund er eit historisk hotell med ein svært ikonisk utsjånad plassert midt i sentrum av Norheimsund i Hardanger. Bygget er i forholdsvis god stand og mykje av orginalinnreiinga er intakt. Verksemda Iversen L/L står framfor store investeringar og har stort behov for å utvikle ein første dialog med eit forskingsmiljø for å få meir innsikt i kunnskapsstatus knytt til å skapa ei levedyktig  turistnæring/overnattingsplass, kombinert med å laga ein møteplass både for lokalbefolkninga og turistane. Hovudbodskapen skal vera minst mogeleg miljøavtrykk og bruke det som grunnlag for høg verdiskaping pr besøk/overnatting 

Hovudaktivitetar: 

- Første opphald med gjennomgang av detaljerte planar og behov hjå verksemda, og studiar av lokale og regionale føresetnader for satsinga, og identifisere kva verksemda manglar av kunnskap i dag.

- Forskar skal utifrå dette identifisera og presentera relevant forskingsbasert kunnskap som underlag for å drøfte behovet hjå verksemda. Kva finst dag, kva treng vidare forsking og kva kan vera prioritering

- Oppfølgjande opphald i Norheimsund med sortering og prioritering av vidare forskingsbehov og korleis det kan henge saman med aktuelle utviklingsløp i verksemda.

- Oppsummerande enkel rapportering med identifisering av nye kunnskapsbehov for neste steg.

Verksemda skal bidra med:

  • Samle inn og systematiser våre foreløpige planar slik at forskarane forstår prosjektet. Forskarane kan då hjelpe oss med ei fyrste grovsortering av idear og kvar det er kunnskapsbehov.
  • Gjennomgang av vårt påbegynte moglegheitsstudie for huset med arkitektkontoret Elfrida Bull Bene AS. Her er og berekraft eit viktig element i planlegginga av fysisk utforming.
  • Førebu gjennomgang av lokale og regionale føresetnader for berekraftig utvikling. 
  • Legge til rette og planlegge for ein grundig gjennomgang av tilgrensande lokale planar og rundtur i kommunen/regionen med tanke på utvikling av opplevingar for høg verdiskaping og aktuelle samarbeidspartnerar.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Express Foto AS
Prosjektnummer:
6697