Oppdatering av database "Transport, miljø og kostnader"
Vestlandsforsking skal oppdatere databasen "Transport, miljø og kostnader" for NSB med utgangspunkt i versjonen som pr. i dag ligg på http://prosjekt/vestforsk.no/nsb/. Arbeidet vil innebere følgjande aktivitetar:
-Oppdatere datagrunnlaget for avstandane i strekningane som blir berekna i databasen. Dette reflekterer endringar i transportsystema sidan siste oppdatering.
-Oppdatere faktorar for utslepp av SO2, CO, NOx, CO2, NMVOC, CH4 og PM frå ulike transportmiddel som inngår i databasen.
-Oppdatere faktorar for energibruk for ulike transportmiddel. -Oppdatere faktorar for ulukkesrisiko basert på statistikk over dødsulukker for reisande med dei ulike transportmidla.
-Oppdatere faktorar for ulukkesrisiko basert på statistikk over dødsulukker for reisande med ulike transportmiddel dei siste 10 år.
-Oppdatere faktorar for ulukkeskostnader basert på kunnskap frå nyare norske og internasjonale analysar og studiar. - Oppdatere faktorar for helse- og miljøkostnader for utslepp av SO2, CO, NOx, NMVOC, CH4 og PM. Dette vil bli basert på gjennomgang av nyare analyser og studiar.