Brukarundersøking i Aurlandsdalen
Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått tildelt midlar til å gjennomføre ei brukarundersøking i Aurlandsdalen, som del av utvikling av ein besøksstrategi for Aurlandsdalen. Vestlandsforsking vil vere utførande part i omsyn til å gjennomføre prosjekt som avtalt når det gjeld aktivitet, tidsperiode og økonomisk råme (sjå punkt 2).
Vestlandsforsking plikter å gjennomføre følgjande aktivitetar:
Hovudaktivitet 1: Førebu datainnsamling ved å utvikle spørjeguide til kvalitative intervju og spørjeskjema (papir og elektronisk i Survey Monkey) for kvantitativ innsamling på utvalde stadar. Distribuere til Nærøyfjorden Verdsarvpark, som fordeler spørjeskjema til utvalde innsamlingsstadar.
Hovudaktivitet 2: Gjennomføre datainnsamling, i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark. Vestlandsforsking har ansvar for å kvalitativ datainnsamling (1 student og 2 forskarar) i til saman 4 dagar hovudsakleg i juli månad (fellesferie), eventuelt byrjinga av august. Nærøyfjorden Verdsarvpark følgjer opp den kvantitative datainnsamlinga (distribusjon, innsamling og påfyll av skjema), som vert avslutta medio september.
Hovudaktivitet 3: Vestlandsforsking samlar inn og analyserer kvalitativt og kvantitativt data.
Leveranse 1: Presentasjon av funn og førebels sluttrapport på møte med Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Leveranse 2: Endeleg sluttrapport medio oktober