Bolig, forbruk og bærekraftig utvikling - et nordisk perspektiv
Utviklinga dei siste tiåra har vist at miljøproblem i dei nordiske landa i aukande grad har flytta frå industrien og inn i dei private boligane. Skal dei nordiske landa kome nærare ei berekraftig utvikling er det difor ingen veg utanom det store og aukande forbruket som kan knytast til boligen og hushaldningane som bur i dei. Utfordringane på dette området er felles for alle dei nordiske landa og det er eit sterkt behov for ein ny type kunnskap. Det handlar om kunnskap som synleggjer ressursbruk og miljøproblem knytt til forbruket som blir skapt med utgangspunkt i boligen. Vidare handlar det om kunnskap om kva individuelle og strukturelle drivkrefter som bidreg til det auka fokuset på boligen som forbruksgenererande einheit, og ikkje minst handlar det om kva strategiar, rammevilkår og verkemiddel som kan nyttast for å snu dette systemet i berekraftig retning. I dette prosjektet vil vi bidra til å skaffe denne type kunnskap gjennom to konkrete aktivitetar: 1. Å bygge eit nordisk forskarnettverk på området bolig, forbruk og berekraftig utvikling 2. Utarbeide ein konkret prosjektbeskrivelse av eit fleirårig felles nordisk forskingsprosjekt på området bolig, forbruk og berekraftig utvikling.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Nordisk ministerråd
Prosjektnummer:
2220
Prosjektleiar: