Berekraftig cruise – kunnskap om og optimalisering av sosiale, miljømessige og økonomiske effektar av cruiseturisme

Prosjektet "Berekraftig cruise –  kunnskap om og optimalisering av sosiale, miljømessige og økonomiske effektar av cruiseturisme" skal analysere føresetnadane for ein berekraftig og lønsam cruisetrafikk på Vestlandet, inklusiv klargjere alternativ for å utvikle cruisesektoren på ein måte som integrerer og balanserer både sosiale, økonomiske og miljømessige omsyn. Hovudaktivitetar og forskingsspørsmål i prosjektet:

  1. Destinasjonar & distribusjon av trafikk: Kartlegge besøksintensiteten i cruisehamnene langs Vestlandskysten no og i framtida. Når, kvar og kor mange besøkande det er i dag, og korleis kan situasjonen bli i framtida gitt utbyggingsplanar og attraksjonskraft i dei ulike destinasjonane?
  2. Økonomi & lokal verdiskaping: Kartlegge forbruksmønsteret i dag og føreslå tiltak for korleis verdiskapinga på landsida kan aukast. Kartlegge fordelinga mellom lokale, nasjonale og internasjonale interessentar og kva faktorar som påverkar både forbruksnivået og landtilbodet
  3. Miljøutvikling: Kartlegge miljøeffektar og kva som er mogelege tiltak for å redusere miljøeffektane, både teknologisk og i politikkutforming. Korleis kan desse tiltaka påverke framtidig utvikling av cruise?

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Hordaland fylkeskommune
I samarbeid med:
Regionalt forskingsfond Vestlnadet
Prosjektnummer:
6325
Prosjektleiar:
Forskingskoordinator
Prosjektmedarbeidarar:
Gruppeleiar Teksam (permisjon)
Seniorforskar og gruppeleiar Klima og Miljø