Stor innsats for jenter og teknologi i 2025
Jenter frå heile Sogn har det siste året fått bryne seg på realfaglege eksperiment og møtt kvinnelege rollemodellar som jobbar med teknologifag. Formålet har vore å auke nysgjerrigheita for IT og teknologiske utdanningsval blant unge jenter i regionen.
Teknologifag er ein mannsdominert bransje, og fag som programmering og elektro trekker til seg eit stort fleirtal av gutar. Teknologiutvikling vil vere ein sentral motor i samfunnsutviklinga framover, mange arbeidsplassar vil krevje kunnskap om teknologi.
- Vi veit av i dag at mange teknologiar er utvikla av og testa på hovudsakleg menn. Vi treng difor at fleire kvinner blir interessert i teknologi og blir med å utformar framtidas teknologiske løysingar fortel seier Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking, som har leia prosjektet Teknojenter på vegner av ei rekkje verksemder i Sogn.
Teknologibedrifter er også hjørnesteinar i fleire bygder i Sogn. Prosjektet «Teknojenter», som blir avslutta i desember 2025, har handla om å vise fleire jenter kva teknologifag kan innebere.
- Målet er å motivere fleire jenter til å vurdere teknologifag i utdanning og arbeidsliv, held Hønsi fram.
Har sådd mange frø
Ei spennande side ved prosjektet er at det byggjer på fleire års forsking på rekruttering av jenter og kvinner til IT. Både tiltak og aktivitetar er utforma utifrå det Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking, har vist fungerer for å nå jenter i ulike aldrar.
På ungdomsskular og vidaregåande skular har det særleg handla om å vise fram rollemodellar som jentene kan spegle seg i. Dette arbeidet held fram etter prosjektet.
I januar skal elevar frå VG1 elektro og teknologi- og industrifag vitje 9.-klassar i Sogn for å fortelje om kvardagen sin og kva dei likar med valet av fagretning.
På Teknojentedagen i mars 2025 inviterte prosjektet jenter frå ungdomsskular og VG1 til ViteMeir. Der fekk dei teste ulike teknologiske verktøy og møte unge, kvinnelege rollemodellar frå fag som robotikk og astrofysikk. Dei fekk sjå at det er mange ulike vegar inn i teknologifaga, og at det finst mange jobbar.
– Jobbar som er godt betalte og viktige for samfunnet, er ein motivasjonsfaktor for mange jenter, fortel Hønsi.
Den teknologiske omstillinga omfattar heile samfunnet, og difor vil det også vere mogleg å arbeide med teknologiutvikling innanfor fag vi gjerne oppfattar som meir tradisjonelle, som velferdsteknologi i helse- og omsorgssektoren. Dette har vore viktig å formidle til elevane.
Får prøve seg fram på eiga hand
Teknojenter har òg arrangert GirlTechFest for 5.klassejenter med samlingar for å inspirere elevane til å bli kjende med teknologi og realfag i tidleg alder. Tiåringane fekk også høyre om arbeidskvardagen til kvinner frå Statkraft og ViteMeir og prøve programmering og ulike kjemiske eksperiment. Her deltok 150 jenter, i hovudsak frå Høyanger, Årdal, Sogndal, Luster og Sunnfjord.
– Tilbakemeldingane var gode. Mange av jentene tykte det var spennande å få høve til å prøve ulike installasjonar og aktivitetar på vitensenteret. Det at det berre var jenter til stades, gjorde det også til eit tryggare rom for mange.
Har greidd å vekke nysgjerrigheit
Ida Brastad Ramsfjell frå Sogn Næring har hatt ansvar for å organisere tre arbeidsverkstader der dei mellom anna har undersøkt kva jentene sjølv seier etter å ha delteke på samlingar.
– Fleirtalet tykte teknologi var framand og lite interessant når dei kom, men fleire enn 4 av 10 sa at dei var blitt meir nysgjerrige på teknologifag etter å ha fått prøve seg fram på desse arrangementa, fortel Ramsfjell.
Også lærarar, rådgjevarar og arbeidsgjevarar har vore med på diskusjonar om kva som skal til for å sikre ein jamnare kjønnsbalanse på vidaregåande skuler, i høgare utdanning og i arbeidslivet i regionen. Forslaga omfattar fagnettverk for teknologi, kompetanseheving for barnehagelærarar og lærarar og meir samarbeid mellom skulenivåa i regionen.
Viktig å vise fram mangfaldet
Mange verksemder i Sogn treng arbeidstakarar med høg kompetanse i teknologifag, samtidig som arbeidsstokken er svært mannsdominert. På arbeidsverkstaden med arbeidsgjevarar under Teknologiveka i Årdal kom det forslag om at verksemder må bli flinkare til å vise fram mangfaldet av jobbar og tilsette innan teknologi. Andre idear var teknologidagar, karrieremesser, bedriftsbesøk for jenter og ein musikkfestival med bodar og stands om teknologi og teknologitunge arbeidsplassar i regionen.
Prosjektet Teknojenter har berre gått over eitt år, men deltakarane var svært nøgde med resultata. Torunn Hønsi var full av lovord om samarbeidspartnarane.
– Når så mange positive og motiverte aktørar samlast rundt målet om å få fleire jenter til å velje litt meir utradisjonelt, så kan vi få til store ting for regionen på sikt, seier prosjektleiaren.
Alle foto: Torunn G. Hønsi