Inviterte lokalsamfunnet inn
Mange tok turen innom Open dag på Vestlandsforsking 10. desember. – Det er heilt fantastisk at de har bygd opp denne bedrifta her i Sogndal og at de framleis står på eigne bein, sa Rolf Navarsete etter å ha lytta til forskarar frå dei ulike fagfelta.
Dei nye kontorlokala i Svingen var eitt av trekkplastera for dei som tok turen innom på Vestlandsforsking sin opne dag. Etter omvising, gløgg og peparkaker fekk gjestene høyre direktør Anne Karin Hamre samanfatte kva Vestlandsforsking er i dag og korleis det vart stifta for 40 år sidan.
– Vi treng at de som bur her anerkjenner Vestlandsforsking, set pris på oss og bruker oss, sa direktøren.
Kor mange som jobbar ved instituttet, er ein gjengangar i det folk spør om, og Anne Karin Hamre la vekt på Vestlandsforsking sitt bidrag til å rekruttere innbyggarar til Sogn. I dag jobbar 37 personar ved instituttet. I lista over tilsette finst det òg sju nasjonalitetar. Eit knippe av desse forskarane gav gjestene korte presentasjonar av det dei jobbar med på tampen av 2025.
Framtidas Hodlekve
Utviklinga av framtidas Hodlekve var kjernen i det Irmelin Gram-Hanssen frå klima- og miljø-delen av instituttet la fram. Prosjektet hennar dreier seg om å handtere utfordringar rundt klima, miljø og sosial utanforskap gjennom djuptgripande medverknad til lokale planleggingsprosessar på bakgrunn i case i Norge, Polen, Spania og Sverige. Irmelin og kollegaene har jobba med å få fram korleis innbyggarane i Sogndal ønskjer at det populære utfartsområdet i Sogndalsdalen skal sjå ut i framtida.
– Vi har sendt kommunen innspel bygd på tre dialogverkstader der sogndøler har vore med på å peike ut viktige verdiar og prinsipp for vegen vidare, sa Irmelin.
Kampen om areal
Halvor Dannevig, som leier klima- og miljøforskinga ved instituttet, fortalde om eitt av fleire prosjekt knytt til endringar i arealbruk. I Rettferdig arealbruk for grønn omstilling, eller JustGreen, ser forskarar frå ulike land på målkonfliktar mellom energiomstilling, bevaring av naturmangfald og tradisjonell bruk av naturområde. Halvor leier det nordiske prosjektet frå Sogndal.
– Spørsmålet er korleis slike arealendringasprosessar kan bli meir rettferdige. Vi skal utvikle eit rammeverk for det, forklarte Halvor.
Tara Botnen Holm, ein av tre ph.d.-stipendiatar ved instituttet, forskar på korleis energiomstillinga kan gjere Norge meir sårbart, ettersom fornybar energi gir oss eit meir vêravhengig energisystem.
– I tillegg kan klimaendringane føre til lågare produksjon og dårlegare leveringstryggleik
Nyskaping i bedrifter
Torunn G. Hønsi administrerer teknologi- og samfunnsgruppa ved instituttet, og viste fram breidda i forskingsfeltet og korleis instituttet bidreg til å løyse problem som digital utanforskap, som er anslått til å gjelde opp mot ein fjerdedel av innbyggarane i Norge.
– Vi er med på å sikre at det grøne og digitale skiftet av samfunnet vert trygt, rettferdig og inkluderande, sa ho.
Torunn utdjupa òg korleis forskarane på feltet hennar jobbar tverrfagleg med å utnytte KI og nye digitale teknologiar til å utvikle samfunnet, mellom anna gjennom innovasjon og verdiskaping i offentlege tenester og bedrifter. Det siste gav Ivar Petter Grøtte eit eksempel. I januar startar han opp eit samarbeid med instituttet og ei lita gründerbedrift i Bergen. I Kulturjakten 2.0, som er finansiert av Noregs forskingsråd, skal Vestlandsforsking samarbeide med Link utvikling AS om å løfte tenesta Kulturjakten til nye høgder ved hjelp av kunstig intelligens.
– I møte med bedrifter er det viktig å få avdramatisert forsking, sa Ivar Petter.
Eit reiseliv lokalsamfunna kan tole
Agnes B. Engeset orienterte om det nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv, der Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet jobbar i lag med offentlege og private verksemder for å utvikle kunnskap som er nyttig for reiselivsnæringa, med vekt på berekraft.
– Samarbeidet med offentlege aktørar er òg viktig fordi dei framover må ta eit stadig større ansvar for å styre og regulere reiselivet, sa Agnes. For tida jobbar reiselivssenteret med tolegrenser og besøksforvaltning for reiselivet, klimarisiko i fjellturisme og kulturbasert reiseliv.
Nytte for regionen
Tilhøyrarane mange spørsmål, mellom anna om korleis instituttet rekrutterer tilsette, om korleis leiinga stakar ut kursen framover og korleis ein vel satsingsområde.
– Kva tilfører de regionen, spurde ein av gjestene. Døme på det kan vere samarbeid med kommunar som Årdal om klimatilpassing, kartlegging av korleis kjøtprodusentar i Sogn kan vere utsette for klimaendringar som skjer andre stader i verda. På teknologisida viste Ivar Petter Grøtte til innsatsen instituttet har lagt ned i dugnaden for å skaffe finansiering av breibandutbygginga i Sogn og Fjordane gjennom IT-forum (i dag IT-forum Vest), der Vestlandsforsking har vore sekretariat i ei årrekke.
– Vi snakkar nok om 3-400 millionar kroner, sa han.
Rolf Navarsete, dagleg leiar i Hodlekve skisenter og ei drivkraft i samfunnsutviklinga i Sogndal gjennom mange år, gav uttrykk for stor beundring for dei som har bygd opp instituttet og halde det gåande i 40 år.
– Eg har vore for mange samanslåingar dei siste åra, men når det gjeld Vestlandsforsking, er eg ikkje i tvil om at de må halde fram med å stå åleine og tore å gå dykkar eigen veg, sa han.