Aktuelt-arkiv

  • Norsk gardsturisme har i løpet av dei siste tiåra utvikla seg til å tilby heilskapleg turistprodukt som består av kvalitetsprodukta overnatting, god mat og drikke, personleg nærvær og historieforteljingar frå vertskapet.

  • Under Norsk Senter for Bygdeforskning sitt fagseminar på Røros Bergstadens hotell, Røros 27. februar 2015, vart funn frå forskingsprosjektet Second Generation Rural Tourism presentert.

  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg.

  • Førre veke vart dei første prosjekta i Interreg VB (EU sitt territorielle samarbeid) Nordlig Periferi og Arktis klare. Vestlandsforsking er deltakar i to av dei 13 prosjekta som vart godkjente.

  • Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking er ein av 14 norske forskarar som fortel om kva dei eigentleg føler når det gjeld den globale oppvarminga, og korleis dei opplever det når dei ser at klimakunnskapen gang på gang kjem til kort.

  • Forskar Svein Ølnes har skrive kronikk på Forsking.no om kva som har skjedd med Internett-pengane Bitcoin etter hysteriet for eit år sidan. Kronikken er ein årsrapport for Bitcoin i 2014, med eit særleg søkjelys på forskinga rundt fenomenet.

  • "Svært nyttig i klimatilpasningsarbeidet". Det var dommen frå offentlege styresmakter då sluttrapporten frå pilotprosjektet om bruk av forsikringsnæringa sine skadedata i kommunane blei presentert i januar.

  • Lin Prøitz som er knytt til Vestlandsforsking, har fått EU-stipend for å forska på korleis unge i dag oppfattar politiske hendingar og uttrykkjer det gjennom fotografi på sosiale medium.

  • test

    I 2015 feirar Vestlandsforsking 30 år. Forskingsinstituttet blei stifta 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med god hjelp frå Kommunaldepartementet, bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket som gjekk inn med midlar til eit grunnfond.

  • Hans Jakob Walnum og Carlo Aall ved Vestlandsforsking har i samarbeid med Søren Løkke publisert artikkelen «Can Rebound Effects Explain Why Sustainable Mobility Has Not Been Achieved?». Artikkelen drøftar svar på kvifor det er så krevjande å nå målet om berekraftig mobilitet.

  • Title: Assistance in the life-cycle assessment of: ethanol-blended gasoline, and tiles made from waste cathode ray-tube (CRT) glass

  • Forskingsrådet har delt ut midlar til dei forskingsinstitutta som har lukkast med å få forskingsprosjekt i EU. Vestlandsforsking er eit av dei få institutta som blir tildelt midlar av det som blir kalla STIM-EU.

  • Presentasjonar frå seminaret

  • Prosjektet starta opp i 2013 og blir no avslutta med eit seminar i Oslo arrangert av Finans Norge, Vestlandsforsking og Geografisk Institutt ved NTNU.

  • Filmen "The Imitation Game" har ført til fornya interesse for den britiske matematikaren og datamaskin-pioneren Alan Turing. Turing starta med å beskriva ei "universell maskin" som svar på ei utfordring gitt av den tyske matematikaren David Hilbert. Den universelle maskina var faktisk den første beskrivelsen av ei generell datamaskin. Seinare var Alan Turing involvert i å byggja ei datamaskin basert på prisippa til den universelle maskina.

  • Blir det meir eller mindre lokal verdiskaping av å satse meir på cruiseturisme i Sogn og Fjordane? Kva er verknaden på utslepp av klimagassar av å satse på meir kortreist turisme? Dette er eksempel på spørsmåla det er viktig å ta stilling til om ein skal følgje opp målet i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane om at berekraftig forvaltning skal vera eitt av fylket sine viktigaste konkurranseføremoner.

  • Cenk Demiroglu, gjesteforskar ved Vestlandsforsking, gjennomfører ein studie av klimatilpassing innan skidestinasjonar.

  • Statsminister Jens Stoltenberg vil ha fart på digitaliseringa i offentleg sektor. Han treng ikkje gå langt, han kan berre ta ein prat med kollega Bård Vegar Solhjell og opna opp kartdata for å få eit skikkeleg løft.

  • Best av dei regionale institutta på internasjonalt samarbeid. Mellom dei tre beste på vitskapleg publisering.

  • Gruppa som arbeider med semantiske teknologiar ved Vestlandsforsking var på studietur til universitetet i Leipzig i forrige veke. Universitetet i Leipzig er mellom dei leiande miljøa i Europa på fagområdet semantiske teknologiar og særleg lenka data (Linked Data).