Aktuelt-arkiv

  • Mann framfor lerret med nærbilde av ei hand som held ein iPhone med stor skjerm.

    At stadig fleire av oss brukar smarttelefonar til stadig meir, er dårleg nytt både for klima og miljø. Og kanskje på måtar som vil overraske deg, skriv Idun A. Husabø i denne populærvitskaplege artikkelen, som òg er publisert på forskning.no.

  • Ung mann på veranda med fjell og bygd bak seg, ser i kamera

    Eit nytt forum samlar viktige aktørar innan forskings- og utviklingsarbeid i fylket. Eit sentralt mål er å styrke forsking som skapar innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke.

  • Foto av kvinneleg artist i svart/kvitt

    Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.

  • Foto av kvinne med jakke og skjerf. Bakgrunn: snø

    Kven lagar reglane for dataspeling når mamma og pappa bur i eit anna land? I eit nystarta prosjekt er temaet spelevanar hos unge, ikkje-vestlege menn utan familie i Norge. – Vi veit lite om korleis denne gruppa har det, seier prosjektleiar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.

  • Direktør (mann) framfor logoen til verksemda si

    Klimatilpassing og samarbeid med offentlege verksemder er ein fellesnemnar for fleire av dei nye FoU-prosjekta Vestlandsforsking startar opp i 2021. Også samarbeid med næringslivet i Vestland om innovasjon går att. Tematisk spenner prosjekta frå biokol og kommunale klimabudsjett til dataspeling blant einslege, unge menn med innvandrarbakgrunn. Direktør Anders-Johan Almås gler seg over rekordhøg aktivitet.

  • Tre kvinner og ein mann står i sola og ser i kamera

    Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.

  • Hand med svarte klumpar frå eit glas

    Har du bioavfall som du ynskjer å utnytte betre? Eller er du nyfiken på korleis ein kan dra nytte av biokol til jordforbetring og klimatiltak i landbruket eller bygg- og anleggsnæringa? Eit ope nettmøte 26. mars kan gje deg nyttig innsikt.

  • Portrett av Agnes Brudvik Engeset

    – Denne doktorgraden spring på eit vis ut av somrane i heimbygda mi, seier forskar Agnes Brudvik Engeset. I februar disputerte ho ved NTNU og blei den første ved Vestlandsforsking som tek ein doktorgrad med rein reiselivstematikk.

  • Jølstravatnet

    For å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, må både klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Men innbyggjarane må òg trekkast med, både for å få fram viktig lokalkunnskap og for å sikre forståing og engasjement for ulike tiltak. Dette står sentralt i eit nytt prosjekt med deltakarar frå heile Vestland.

  • Agnes Brudvik Engeset presenterte hovudfunna i prosjektet Sustainable Destination Norway på Fjord 2.0 konferansen som vart arrangert av NCE Tourism 14. - 16. november.

  • Filosofen Arne Johan Vestlesen fra Universitetet i Oslo, samfunnsforsker Peter Lango fra Universitetet i Bergen og forskingsleder Carlo Aall fra Vestlandsforsking hadde hver sin innledning for ca 50 ledere og nøkkelpersonell innen Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin beredskapsorganisasjon.

  • Forskar Ingrid Sælendsminde hadde innlegg på eit seminar arrangert av Riksantikvaren 30. november.

  • For litt over over eitt år sidan, omtrent då iPad framleis var litt ny, fann eg ut at ein god måte å få fatt i dei nye varme bollane i duppedingsverda var å stelle til eit lite «internt forskingsprosjekt». E-posten til sjefen kan kokast ned til: «...skulle hente ei utskrift, nokon skreiv ut 600 sider...eit lite "internt forskingsprosjekt" på lesebrett...me kunne kjøpa inn 2-4 brett - om lesebrettet kan erstatte utskrift...rekne på kostnad og ev. miljøbelastning…».

  • Nærings- og handelsdepartementet arrangerer konferanse om reiselivsstrategi 29. november i Oslo.

  • Torsdag 24. november møttes planlegger og ansatte i driftsenhetene i Sogndal, Førde, Eid, Vågsøy og Jølster kommune, forskere fra Vestlandsforsking og representanter fra fylkeskommunen og fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å diskutere hvordan tilpasning til klimaendringer kan bli tatt inn som et tema i kommunal planlegging.

  • Mange tiltak for å redusere utslepp av klimagassar føreset samarbeid på tvers av fleire sektorar og involverer fleire aktørar. Dette er ofte ein viktig årsak til at slike tiltak er vanskeleg å få gjennomført.

  • Forskingsleiar Carlo Aall er ein av dei som er intervjua i eit stort oppslag i Finansavisen sist laurdag om kva økonomiske konsekvensar klimaendringar kan få for m.a. vintersportsstader i Norge.

  • Vestlandsforsking, Statens Institutt for forbruksforskning og NTNU har nettopp avslutta prosjektet "Friluftsliv og berekraftig utvikling: en del av problemet, eller en del av løsningen?".

  • Semincolon II-prosjektet inviterte 15. nov. 2011 saman med Difi til seminar om opne og lenka data. Her følgjer nokre inntrykk frå presentasjonar og diskusjonar rundt desse, direkte frå seminaret. Eg presiserer at det er mi oppsummering og mine vurderingar som kjem til uttrykk her.