Lesebrett til forskarlektyre?

For litt over over eitt år sidan, omtrent då iPad framleis var litt ny, fann eg ut at ein god måte å få fatt i dei nye varme bollane i duppedingsverda var å stelle til eit lite «internt forskingsprosjekt». E-posten til sjefen kan kokast ned til: «...skulle hente ei utskrift, nokon skreiv ut 600 sider...eit lite "internt forskingsprosjekt" på lesebrett...me kunne kjøpa inn 2-4 brett - om lesebrettet kan erstatte utskrift...rekne på kostnad og ev. miljøbelastning…».

Eg sendte så ut ei spørjeundersøking om kva funksjonalitet mine forskarkollegaer ynskte seg i eit lesebrett, og om dei hadde spesielle ynskje. Av funksjonalitet ynskte dei lettlest skjerm, lang batteritid, lett vekt og brukarvenleg system. Det meste som Kindle kunne tilby med andre ord, men spesielle ynskje var like fullt: iPad.

Me kjøpte så inn ein iPad og ein Kindle, og for over eitt år sidan blogga kollega Øyvind Heimset Larsen om si erfaring. Det vart inga stor entusiasme for lesebrett på Vestlandsforsking, men Kindlen er no i flittig bruk av vår yngste forskar, medan iPaden ikkje heilt har funne sin plass og framleis er «prøvekanin» sjølv om den på ein måte er gått ut på dato allereie. Det vart ikkje så mykje forsking på emnet (heldigvis har me hatt viktigare prosjekt), og av faktorar som bidreg til at me ikkje vart så veldig store entusiastar kan nemnast at det er:

  • For tungvidt å overføre dokument
  • For tungvindt å merke, notere og streke under
  • Ikkje tilgang på ynskt litteratur
  • Tung (iPad)

Personleg så irriterte det meg at eg ikkje kunne bla med fingrane (berøringsskjerm) på Kindlen, slik ein kan på iPad og alle nye smart-telefonar no om dagen. Eg har difor (privat) tinga «Kindle Touch» som vart lansert no i haust, og har berøringsskjerm...