Aktuelt-arkiv

  • I siste nummer av tidsskriftet Plan viser forskar Eivind Brendehaug korleis endringar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (forvaltningssystemet) bidrog til endringar i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark i 2009, som i sin tur skapte eit vern med eit nytt innhald (substans) med løyve til å opprette eit kulturlandskapssenter inne i verneområdet.

  • Tema i NRK Sogn og Fjordane sin forskingsserie 30. april var miljøvenleg transport. Utgangspunktet for innslaget var eit prosjekt som Vestlandsforsking i samarbeid med Lerum Transport har gjennomført dei siste åra.

  • I ein artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Sustainability, drøftar professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om berekraftig reiseliv i praksis har fremja eller hemma ei berekraftig utvikling.

  • Klimaendringar kan føre til drastiske endringar for skisentera på Vestlandet, seier klimaforskar. Mange skitrekk er allereie stengde før påske, og slik kan det bli også i åra som kjem.

  • Direktoratet for samfunnssikkerheit i samarbeid med KS arrangerte torsdag 27. mars ein konferanse om klimatilpassing og kommunal planlegging med over 100 deltakarar.

  • Det er stadig færre nordmenn som lever av naturen, men de arbeidsplassene som fines er desto viktigare for opprettholdelse av bosetting og lokalsamfunn. Derfor har vi behov for å vite hva slags konsekvenser klimaendringer kan få for plante- og dyrelivet. I Nord-Norge er andelen arbeidsplasser i naturbaserte næringer større enn andre steder i landet, og det er her vi forventer de største klimaendringene.

  • Carlo Aall og Kristine Skarbø ved Vestlandsforsking bidreg med to av i alt 27 vitskaplege artiklar i ein artikkelsamling frå den første internasjonale vitskaplege konferansen som tek opp spørsmålet om det er tilstrekkeleg å justere samfunnet for å unngå klimaproblemet, eller om vi også må omstille samfunnet meir grunnleggjande; det som på engelsk vert kalla "societal transformation".

  • Korleis legge eit best muleg grunnlag for innovasjon i eit ruralt samfunn som Sogn og Fjordane? I forskingsprosjektet «Innovation in rural places» har Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane studert korleis det vert jobba med innovasjon i nettverk i Sogn og Fjordane der både offentleg forvaltning, næringslivet og forskings- og utviklingsinstitusjonar (FoU) deltek.

  • Vestlandsforsking har gjennomført eit pilotprosjekt der målsettinga har vore å legge grunnlaget for dokumentasjon og formidling av tradisjonell kunnskap om dyrking, bruk og minne knytt til eplesortar som har vore i bruk i fruktdistrikta i Sogn.

  • Vestlandsforsking er med på eit nytt stort forskingsprosjekt som skal sjå på føresetnadane for klimaomstilling i samfunnet.

  • Vestlandsforskning og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterte til eit campusseminar torsdag 6. mars om tverrfaglegheit i forsking og undervisning. Innlegga frå seminaret er no lagt ut på denne nettsida.

  • Forskar Svein Ølnes var invitert til Betalingsformidling 2014 i Trondheim 4. mars for å snakka om Bitcoin.

  • Over 50 representantar frå næringsliv, forsking, utdanning og offentlege aktørar i Sogn og Fjordane deltok 3. mars på informasjonsmøte i Sogndal om EUs nye storsatsing på forsking og innovasjon, Horisont 2020. Sjå her for overføring via internett.

  • VG skriv i ein artikkel 1. mars at OL i 2022 må ha ein plan klar for å hente/laga snø til OL-anlegga og viser m.a. til Vestlandsforsking.

  • I ein artikkel publisert i Transportforum skriv forskar Otto Andersen om utilsikta konsekvensar av fornybar energi.

  • I ein artikkel i Bondebladet skriv forskarane Eivind Brendehaug frå VF og Torbjørn Haukås og Anna Milford frå NILF om at samarbeid mellom gardsbaserte foredlingsbedrifter har potensiale for betre økonomi, kompetanse og marknadsposisjon.

  • Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til et campusseminar torsdag 6. mars om tverrfaglighet i forsking og undervisning. Formålet med seminaret er å få fram i hvilken grad, på hvilken måte og på hvilke områder økt kunnskap om tverrfaglighet kan bidra til å styrke forskning og undervisning ved de to institusjonene.