Opprykk i Sogndal til forskinga si eliteserie

Hans Jakob Walnum held "prøveforelesning"
Under «prøveførelesinga» trakk Hans Jakob linjer frå kommunalvalet i 1967 og fram til i dag. Både Bodø/Glimt og Sogndal IL blei også nemnd av den fotballinteresserte forskaren. Foto: Anne Karin Hamre

Gruppeleiar på Klima- og miljøgruppa, Hans Jakob Walnum, rykte nyleg opp til å bli leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking.

Den fagkunnige komitéen, med forskar 1 Aud Tennøy (Transport økonomisk institutt), professor Erling Holden (Norges miljø- og biovitenskaplige universitet) og professor Arne Remmen (Aalborg Universitet), var samd i at Hans Jakob er kvalifisert til å kunne kalle seg leiande seniorforskar. Denne tittelen svarar til ein professor-tittel på eit universitet, og som på engelsk vert kalla Research Professor. På fotballspråket kallar ein dette eliteserien. 

Komitéen legg vekt på både breidda og aktualiteten i forskinga til Walnum, og at han har vore god til å ta med seg sine tidlegare forskingsfunn og fornye desse. Mellom anna skriv dei at «omfang og kvalitet av Walnums forskning er betydelig og dermed fullt ut faglig tillstrekkelig». 

 

Brei kompetanse

I løpet av sine til no 17 år på Vestlandsforsking har Walnum forska på fleire ulike tema og leia ei rekkje ulike prosjekt med norske og utanlandske partnarar. Doktorgradsavhandlinga hans handla om tilbakeslagseffektar (Rebound Effects) som følgje av klima- og miljøpolitikk. Her peikar komiteen på at Walnum har bidrege med å bringe inn perspektiv frå psykologi, sosiologi og industriell økologi til ein litteratur som først og fremst var økonomifagleg. I tillegg har Walnum gjennom sitt arbeid med tilbakeslagseffektar vist at politiske verkemiddel må rette seg mot årsaker, ikkje berre mot effektar av handlingar. 

- Dersom politiske tiltak ikkje tek innover seg kvifor folk gjer som dei gjer, og kunn ser på korleis ein kan effektivisere utsleppa i dag, vil tiltak typisk få utilsikta konsekvensar fortel Walnum. Eit døme er dei norske støtteordningane for el-bilar. isolert sett er ein overgang til el-bil positivt, men i Noreg har talet på bilar, vekta og køyrelengdene auka, noko som motverkae effekten av tiltaket.  

 

Mange lovord

Hans Jakob Walnum
Leiande seniorforskar Hans Jakob Walnum. Foto: Falkeblikk

Komitéen trekkjer fram at felles for Walnum sine forskingsområde, er at dei har stor aktualitet og vil bidra til å gjere ein forskjell i samfunnet. Walnum har hatt tett samarbeid med mange ulike partnarar, anten det er i offentleg forvaltning, næringslivet eller i interesseorganisasjonar. 

- «Forskningen har dermed også en stor synlighet, hvilket understrekes av, at Walnum har prioritert formidling i form av kronikker og andre kunnskapsbaserte leveranser til private og offentlige aktører» seier komitéen i sin uttale.

Komitéen viser òg til at Walnum har hatt mange vitskaplege publikasjonar i viktige tidsskrift, og seier det er særleg imponerande at Walnum har publisert 17 artiklar/bokkapittel dei siste fem åra. 

Direktør ved Vestlandsforsking, Anne Karin Hamre fortel at ho er stolt og glad over å ha så erfarne og kompetente forskarar på instituttet. 

- Hans Jakob er dyktig og målretta, og han er veldig god til å løfte fram kollegaer og dele med dei, seier Hamre. 

 

Spår fleire opprykk i Sogndal

Walnum frå Nesna i Nordland samanliknar arbeidet ved eit regionalt forskingsinstitutt med fotball –sidan vi konkurrerer både nasjonalt og internasjonalt. Bodø/Glimt har vist at små aktørar kan bli best og hevde seg i Europa, og det inspirerer seniorforskaren til å søkje ambisiøse prosjekt og bidra til samfunnsutviklinga.

– Dei er ekstremt profesjonelle, lærer av feila sine og ser berre framover. Slik må ein òg jobbe i forskinga, og på Vestlandsforsking har eg særs dyktige, støttande og lærevillige kollegaer som trekk i same retning og tenker utvikling, seier han.

Ifølgje Walnum er Bodø/Glimt, Sogndal og Vestlandsforsking dømer på at små miljø kan nå langt og bli best dersom dei får sjansen. Glimt og nordnorsk fotball blei lenge haldne utanfor det norske seriesystemet, men dei braut gjennom lydmuren når dei nådde cupfinalen i 1975. Året etter stod Sogndal i finalen.

No er det forskaren i Sogndal som har rykka opp, men den leiande seniorforskaren håpar at også fotballaget i Sogndal rykker opp til eliteserien i år, slik dei også gjorde det året han disputerte i 2015. 

 

Ny bok om berekraftig sirkulærøkonomi

fagbok shift-plastics

Walnum har også forska mykje på kva som skal til for å kunne kalle sirkulærøkonomien for berekraftig. Her har han, i lag med kollegaer på Vestlandsforsking og fleire andre forskingsinstitusjonar, nett gitt ut ei bok om handtering av plast i fiskeri- og havbruksnæringa. Eit av poenga til forskaren i boka er at overordna politiske vyar må kome til uttrykk i konkrete praktiske løysingar og politikk.

- Sirkulærøkonomi vert ofte fremma som ei løysing på miljøutfordringane, men dette er ikkje nok i seg sjølv, ifølgje Walnum. For at sirkulærøkonomien skal vere berekraftig, må ein ta omsyn til planeten sine tolegrenser og at utviklinga skal vere sosialt rettvis. 

Med andre ord er det ikkje nok å arbeide for å attvinne meir plast- og avfall, men ein må arbeide for å lage system og regelverk for å redusere tilførselen av ny plast, og sjå dette i samanheng med kor stor den totale belastninga er på økosystem og lokalsamfunn, avsluttar den ferske leiande seniorforskaren.