#Klimaomstilling2023: – Det hastar å få opp tempoet

klimaaksjonist

Den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2023 tek for seg korleis vi kan klare å innfri klimamåla. – Innan 2030 skal Norge kutte 55 prosent av utsleppa, og må verkeleg trappe opp klimaarbeidet om vi skal nå dette målet i tide. Samtidig må vi sikre at omstillinga ikkje går ut over andre viktige verdiar, som sosial rettferd og natur, seier arrangør Tone Rusdal ved Vestlandsforsking.

Konferansen #Klimaomstilling2023 føregår i Sogndal frå 3. til 4. mai. Vestlandsforsking har hovudansvaret for å arrangere konferansen, og samarbeider med ein regional partnarskap av ti offentlege aktørar i Vestland. Dette er den åttande utgåva av konferansen.

Dårleg tid

Årets program set søkelys på korleis vi kan få større framdrift i arbeidet med å nå klimamåla, ettersom Noreg dei neste sju åra må gjere store kutt i utsleppa av klimagassar og bruke omfattande ressursar på klimatiltak.

forskar kvinne
Tone Rusdal, Vestlandsforsking

– Vi spør kvifor vi ikkje er komne lenger i denne endringa når vi veit kor stor skade klimaendringane kan gjere, utdjupar Tone Rusdal.

Litt av forklaringa ligg i interessekonfliktar. Dette kjem klart fram i saker som den betente striden om vindparkane på Fosen-halvøya, som den siste tida har ført til aksjonar i Oslo for å få fjerna vindmøllene. – Dette er eit døme på korleis utbygging av fornybar energi har gått på bekostning av urfolks rettar, seier Rusdal.

Tre viktige område

I klimaomstillinga utmerkar tre område seg med målkonfliktar som kan bidra til at klimaarbeidet går sakte framover.

  • Sosial berekraft: Klimatiltak råkar folk ulikt og kan gjere sosiale skilnader større. Korleis kan vi sikre at klimatiltaka er rettferdige for alle?
  • Arealpress og energibruk: Grøn omstilling blir ofte brukt som argument for å bygge ut fornybar energi. Korleis kan vi møte det aukande behovet for ikkje-fossil energi på ein måte som òg ivaretek naturmangfald?
  • Sirkulærøkonomi: Økonomisk vekst vil for fleire vere eit urokkeleg premiss, og er i dei fleste tilfella kopla til høge klimagassutslepp. Korleis kan vi legge til rette for ein økonomi som legg større vekt på berekraftig ressursbruk? 

Aktuelle innleiarar

Blant hovudinnleiarane i år er Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret, som ser nærare på vegen mot 2030. Kor står vi no i forhold til planeten sine tolegrenser?

kvinneleg direktør
Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret (foto: Ellen Viste)

Stipendiat Mari Helliesen frå Institutt for sammenliknende politikk ved Universitetet i Bergen snakkar om kor vidt politikarane våre eigentleg er i takt med befolkninga i klimaspørsmålet. Forskinga hennar peikar mot at dei delane av befolkninga som er mest utolmodige etter å få ein meir kraftfull klimapolitikk, også er dårlegast representerte i politikken. 

Representantar for NHO Vestland og Innovasjon Norge deltek i ein panelsamtale om korleis næringslivet kan få ei større rolle i klimaarbeidet.

– Vi arrangerer òg arbeidsverkstader for å drøfte sentrale tema frå programmet på eit meir praktisk nivå. Den eine verkstaden tek for seg korleis kommunar kan integrere sosial berekraft i klimaplanane sine, seier Rusdal.

Kveldsprogram

I år legg arrangørane opp til å invitere inn eit større publikum utanfor konferansen til eit kveldsprogram i litt lausare rammer.

– Klimaarbeidet engasjerer jo også folk som ikkje jobbar med klima til vanleg. Difor har vi i år eit kulturelt kveldsprogram for dei som ikkje deltek på konferansen på dagtid, der vi nærmar oss klimakrisa frå ein litt annan vinkel, seier Rusdal.

Kveldsprogrammet startar med eit bokbad med Espen Ytreberg, medievitar og forfattar av boka “Hval - en utryddelseshistorie”. Calum Macintyre frå Stopp Oljeletinga Sogndal stiller til samtale om radikal klimaaktivisme, og kunstnaren Amund Sjølie Sveen held performance om økonomisk teori.


Påmeldingsfristen til konferansen er 17. april, og melder du deg på før 7. mars, får du redusert konferansepris. Meir informasjon finn du på konferansen si nettside, klimaomstilling.no.