Tok doktorgraden på utopisk eksperiment
Eit godt liv, tufta på likeverd og deling, er kjernen i det utopiske samfunnet Mari Hanssen Korsbrekke tok doktorgraden på. Gjennom halvanna år var ho medlem av den over 50 år gamle økolandsbyen Twin Oaks, der alt er felles og kjærleiken fri.
For ein sosialantropolog kan feltarbeid gå ut på å delta i eit tilvære som er radikalt forskjellig frå det du lever til vanleg. Gjennom dei halvanna åra ho var på feltarbeid i Virginia aust i USA, var kvardagen til forskar Mari Hanssen Korsbrekke prega av hardt fysisk arbeid, matlaging i felleskjøken og allmøte i økolandsbyen Twin Oaks, eitt av USAs rundt 2000 utopiske samfunn, altså grupperingar som lever på sida av det vanlege samfunnet.
Blant dei rundt 1000 ikkje-religiøse samfunna av dette slaget, er Twin Oaks eit av dei som har eksistert lengst.
Eksperimenterer med likskap i praksis
Som doktorgradsstipendiat i eit forskingsprosjekt om egalitarianisme var Mari medlem av det utopiske samfunnet. Gjennom metoden deltakande observasjon bygde ho innsikt til den seinare avhandlinga si, "Different strokes for different folks" in egalitarian intentional communities: searching for the good life in practical utopias. Der analyserer ho element som historie og arkitektur, politisk struktur, arbeidssystemet i økolandsbyen, aktivisme, delingsøkonomi og eksperiment med nedvekst (kutt i forbruk og levestandard). I tillegg dveler ho ved eit særtrekk ved omgangen mellom medlemmane: påbodet om å innhente samtykke før ein innleier samtalar eller rører ved andre.
– Denne nesten ortodokse praksisen handlar om at medlemmane eksperimenterer med kva likskap og rettferd kan bety i nære relasjonar, forklarer Mari.
Les Vestlandsforsking sin artikkel på forskning.no om samtykke-praksisen i Twin Oaks
Orkanen Katrina
Eigentleg var det gjenoppbygginga av New Orleans etter Orkanen Katrina Mari hadde planlagt å skrive om. I masteroppgåva tok ho for seg innbyggjarane si gjenreising etter at Orkanen Katrina råka austkysten i august 2005 og førte til flaum og store tap av liv.
– Eg var interessert i kva som hende i Louisiana og korleis lokalsamfunna hadde bygd seg opp att etter katastrofen, nesten under motarbeiding frå staten, og ville gjerne gå vidare inn i dette temaet, fortel Mari.
Det hadde seg likevel slik at Mari søkte stipendiatstilling i eit internasjonalt forskingsprosjekt leia av sosialantropologar ved Universitetet i Bergen. Prosjektet utforskar ulike sider ved ideen om sosial utjamning og likeverd mellom menneske. For å finne eit tema som matcha hennar eigne forskingsinteresser, valde Mari å studere grupperingar både legg vekt på miljø og berekraft og kallar seg «egalitære».
Deler alt – og forbrukar lite
I Twin Oaks er det nemleg ikkje noko «mitt» og «ditt»; medlemmane som har søkt seg inn i økolandsbyen, eig alt dei har i lag og deler på det aller meste: hus, mat, arbeid, inntekt. Til og med partnarar og omsorg for barn er litt meir delt enn i storsamfunnet. Alt frå bilar og syklar til klede kan lånast frå fellesskapet, men ingen eig det åleine, i skarp kontrast til storsamfunnet på utsida.
Twin Oaks oppgir å ha eit forbruk som ligg langt under snittet for amerikanske borgarar: 65 prosent mindre bensin, 73 prosent mindre straum, 76 prosent mindre gass og 88 prosent mindre søppel.
Jordbruksbasert
Twin Oaks, som vart stifta i 1967 med bakgrunn i ein visjonsspekka roman av Harvard-professoren B. F. Skinner, tel rundt 100 vaksne i dag og ein stad mellom 15 og 18 barn.
Med ei 43-timarsveke som også omfattar husarbeid, driv dei landbruk og diverse småindustri på eit landbruksområde som måler 1,8 kvadratkilometer. Dei sel mellom anna eigenproduserte hengekøyer og økologisk tofu – såkalla «bønneost» laga av soyamjølk frå eigendyrka bønner.
Flukt frå storsamfunnet
Men kven er medlemmane? Dei fleste er kvite amerikanarar frå middel- eller arbeidarklassen, og mange klassifiserer seg som LHBT+. Blant minoritetane har slike samfunn mindre appell, med unntak av jødar som ser likskapar til Israel sine kibbutzar. Mange har søkt seg vekk frå «mainstreamen» – frå meiningslause, travle liv, eit konkurranseprega samfunn og dårlege løner. Enkelte har følt at verda heldt på å gå av hengslene.
– Talande nok oppstod det ventelister då Donald Trump blei president, fortel Mari.
Mange i Twin Oaks har òg søkt til noko – eit håp og ønske om å skape noko betre saman.
– I USA snakkar ein om «a loss of community». Dei har lite stat, og dermed må sivilsamfunnet ta seg av mange oppgåver som har med fellesskapet å gjere. Med aukande sosial usikkerheit, ventar ein ei ny bølgje av «community making» – at folk søkjer seg til sånne «bobler» som Twin Oaks, forklarer Mari.
Eige politisk system
Gjennom sitt eige politiske system vedtek dei reglar som skal støtte opp under ønsket om eit likare, friare liv for alle, der ingen undertrykker kvarandre. Mellom anna har Twin Oaks utforma særlege reglar for korleis folk skal behandle kvarandre. Den noko ytterleggåande samtykke-praksisen, der du må spørje om lov til alt frå å røre ved nokon til å fortelje dei noko vanskeleg, er eit eksempel på dette.
– Heile avhandlinga handlar om korleis dette samfunnet lever ut egalitære verdiar på ein nesten ortodoks mate, oppsummerer Mari. Ho tok særleg for seg paradoksa og konfliktane som kunne oppstå når ein skulle leve ut ulike likskapsideal i praksis.
Tøft å vere der
Å skulle gå så djupt inn i studieobjektet sitt, både med hud og hår, inneber ein stor innsats frå den som er forskar. Etter eit opphald i eit anna miniatyrsamfunn – prega av frysing og dårleg mat (squash og havregryn), fekk Mari kjenne gledesrusen ved å vere på prøvetid i velsmurde Twin Oaks.
– I starten, når ein kjem til ein slik stad, skjer det noko som blir kalla «love bombing». Alt er moro, ein blir teken godt imot og kjenner seg nesten forelska i alt og alle, forklarer Mari.
Etter dei tre vekene, då ho gjekk på rundgang frå hus til hus, blei Mari stemt inn. Ho måtte perfeksjonere kunsten å be andre om lov til alt frå å ta opp noko vanskeleg med dei til å gje dei ein klem, og vise at ho kunne bidra på lik linje med dei andre medlemmane.
– Etter kvart vart eg meir varm i trøya, men det var tøft å vere der. Det er ikkje slik eg ville ha bygd opp livet mitt. Du driv med hardt fysisk arbeid nesten heile tida, lever tett på andre og deler på alt, seier Mari.
Blei gift
På det personlege planet enda opphaldet slik det starta – med forelsking. Mari og amerikanske David innleidde eit forhold og har seinare gifta seg – eit faktum ho både måtte erkjenne og reflektere rundt i avhandlinga ho forsvarte i oktober 2021. Paret har framleis vener som bur i Twin Oaks.
– Kva ville forskinga vere utan relasjonar? Eg er ikkje ein sosiolog som hoppar inn, stiller ti spørsmål og stikk heim, smiler Mari, som i likskap med andre antropologar var innforstått med den evige faren for å «go native», altså bli ein del av pakka – ein komplisert balansegang.
– Mykje forsking skjer «frontstage», men mykje føregår òg «backstage»; ein må komme seg bak der og lære folk og fenomen å kjenne, seier Mari. Ho understrekar at denne grundigheita er unik for antropologien.
– Først etter 5-6 månader begynner ein å sjå mønster i det sosiale livet. Desse ville ein ikkje ha fått auge på om ein ikkje hadde vist ei slik forplikting til å vere der desse menneska er, eller å gjere som dei gjer, seier Mari.