Fekk 19 millionar til ny stordata-forsking
Forskingsrådet har tildelt over 19 millionar kroner til eit nytt forskingsprosjekt om kunstig intelligens, stordata og sosiale medium leia av Vestlandsforsking. Prosjektet skal utvikle metodar for å avdekke og stoppe hatprat og radikalisering via nettet.
– Dette var uventa, men svært gledeleg, seier professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking, som nyleg fekk ei overraskande og hyggjeleg oppringing frå Forskingsrådet. Prosjektet Violence-inducing Behaviour Prevention in Social-Cyber Space of Local Communities, eit storskala tverrfagleg forskingsprosjekt, har fått finansieringa dei søkte om. Utlysninga hadde som mål å oppnå «radikalt ny teknologiutvikling på tvers av de muliggjørende teknologiene». Forskingsrådet fekk inn 98 søknader. 7 av desse fekk tilslag.
26. januar annonserte Merete Lunde frå Forskingsrådet tildelinga under næringsminister Jan Christian Vestre sitt besøk i Førde. Vestlandsforsking fekk hjartelege gratulasjonar frå statsråden.
– Det er ikkje kvar dag eg er i same rom som nokon som får tildelt 19,3 millionar kroner. Det var skikkelig stas! Gratulerer til Vestlandsforsking, som går i gang med eit stort og spennande forskingsprosjekt. Eg ønskjer Vestlandsforsking lykke til i arbeidet, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Stoppe hatprat og radikalisering
Tildelinga betyr at Vestlandsforsking si mangeårige forsking innan stordata og kunstig intelligens kan levere eit viktig bidrag til eit stort og veksande samfunnsproblem.
Prosjektet har nemleg som hovudmål å utvikle betre metodar for å unngå eller stoppe hatprat og radikalisering via sosiale medium.
Stor stas for instituttet
Det går mange år mellom kvar gong Vestlandsforsking, som tel 36 tilsette, får tildelt prosjekt av denne storleiken. Instiuttet sin nye direktør, Anne Karin Hamre, er stolt over det fagmiljøet innan stordata har prestert.
– Dette er eit stort og viktig prosjekt for Vestlandsforsking. Prosjektet vil utvikle verktøy for å handtere ei stor samfunnsutfordring. Samstundes gir det oss eit høve til å rekruttere forskarar og til å halde fram med å byggje opp eit særs viktig fagmiljø, seier Hamre.
Etter planen skal Vestlandsforsking tilsetje ein postdoktor og ein seniorforskar gjennom prosjektet. I tillegg skal NTNU tilsetje ein ph.d.-stipendiat.
Internasjonalt samarbeid
Prosjektet involverer elles NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, NLA Høgskolen og det amerikanske George Mason-universitetet, delstaten Virginias største offentlege universitet, som ligg i Fairfax.
Tidsramma for forskingsprosjektet er fire år, med oppstart i 2022 og avslutning i 2026.