Korleis få fleire jenter til å velje teknologifag?

Foto
Framleis er jenter i mindretal på dei aller fleste teknologi- og realfagutdanningane i Norge. Prosjektet "Jenter og teknologi", som Vestlandsforsking no skal evaluere, har handla om å rekruttere fleire jenter til slike studiar og yrke (Illustrasjonsfoto: NHO).

Vestlandsforsking lanserer ein nasjonal studie for å undersøke om prosjektet Jenter og teknologi i regi av NHO bidreg til å rekruttere fleire jenter.

Det er framleis færre jenter enn gutar som vel tekniske yrkesfag, realfag, ingeniør- og teknologifag. Dette gjeld både i den vidaregåande skulen og i høgare utdanning. I fleire år har NHO, gjennom rekrutteringsprosjektet Jenter og teknologi, samarbeidd med høgskular og universitet om eigne inspirasjonsdagar for jenter på vidaregåande skular. Dei har òg besøkt 9. og 10. klasse på landets ungdomsskular med turné der jentene møter kvinnelege rollemodellar frå teknologifag og -yrke.

Ved å gi jenter meir kunnskap om desse fagområda, utdanningsvegar og yrkesmogelegheiter, har målet vore å få fleire av dei til å velje realfag og teknologifag på vidaregåande, på fagskular og på høgskular og universitet.

Fungerer det?

Vestlandsforsking har nyleg fått i oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) å evaluere Jenter og teknologi. Forskarane lanserer difor i desse dagar ei landsomfattande undersøking retta mot jenter på ungdomsskular, vidaregåande skular, tekniske fagskular, høgskular og universitet.

I tillegg vil forskarane kontakte lærarar og rådgjevarar frå ungdomsskular og vidaregåande skular, foreldre og andre som har vore med på arrangement.

Vann konkurransen om oppdraget

Foto
Prosjektleiar Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking

Vestlandsforsking vann evalueringsoppdraget i konkurranse med ei rekke andre forskingsmiljø. Forskarteamet som skal stå for studien har solid, tverrfagleg kompetanse.

– Vi er svært nøgde med å få høve til å gjennomføre denne undersøkinga, seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen, som har forska på rekruttering av jenter og kvinner til teknologifag i over 20 år.

Kjønn og teknologi har dei siste åra vore eit viktig forskingstema ved instituttet i, og mykje av forskinga har handla om korleis IT-bransjen og teknologifaga kan oppnå ein jamnare kjønnsbalanse. For tida deltek Vestlandsforsking i eit nordisk sentersamarbeid om temaet.

Vil påverke framtidige tiltak

Vestlandsforsking kjem til å presentere funna sine i en rapport våren 2021, og Bufdir skal bruke kunnskapen frå evalueringa til å tilpasse framtidige tiltak for å auke rekruttering av jenter til teknologifag.

Les meir om Jenter og teknologi