Forsking bringer kultur, handel og reiseliv saman

Foto
Førdefestivalen har vore ein viktig del av kulturlivet i Sunnfjord i 30 år. Her frå ein konsert i 2019 med den kjende, skotske folkemusikkgruppa RURA, som spelar på feler, sekkepiper, fløyte, bodhrán og gitar. Foto: Agnes B. Engeset

Kan kultur, handel og reiseliv gje kvarandre eit løft gjennom nytenking og samarbeid? Det er ideen bak eit nystarta forskingsprosjekt i Sunnfjord.

Kulturopplevingar vert stadig meir etterspurde av turistar, kjem det fram i ein rapport frå FN sitt turistråd. Som svar på den veksande interessa for kultur, har regjeringa sett som mål for norsk reiselivsnæring at Norge skal bli ein kulturdestinasjon innan 2030.

Vestlandsforsking og Sunnfjord Utvikling greip difor sjansen då Forskingsrådet i 2019 lyste ut midlar til studiar av kultur og reiseliv. Resultatet er det treårige FoU-prosjektet «Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord». Den siste veka i november møtte forskarane og Sunnfjord Utvikling ti representantar for reiseliv, handel og kultur for å drøfte det første steget i arbeidet.

Foto
På eit møte i Førde 25. november var representantar for forsking, kultur, reiseliv og handel samla. Foto: Solbjørg Grøneng

Rikt kulturtilbod

– Ofte er det byane ein peikar på når det gjeld satsing på kulturturisme, fordi dei har store kunst- og kulturinstitusjonar og heilårs-reiseliv. Men distrikta har òg kulturopplevingar av høg kvalitet, seier Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking, som leier prosjektet.

Sunnfjord kan skilte med ein internasjonal folkemusikkfestival, eit turnéteater og, ikkje minst, eit knippe museum som formidlar kunst- og kulturarven vår.

– Regionen har eit stort potensial til å utvikle seg vidare som kulturdestinasjon, seier Engeset.

Meir samarbeid

Ein måte å gripe fatt i arbeidet på, er å styrke samarbeidet mellom kultur, reiseliv og handel. Her ligg det ein kime til auka verdiskaping for alle partane: Kulturinstitusjonar treng meir besøk, reiselivsbedrifter treng fleire og lengre besøk, medan handelsnæringa treng større inntening per kunde.

Målet med prosjektet er at Sunnfjord skal trekke til seg fleire besøkande med lengre opphald, meir inntening per besøkande og fleire som kjem attende til Sunnfjord.

Foto
Sunnfjord Museum i Movika er ein del av Musea i Sogn og Fjordane og held mange familievenlege arrangement som kan kombinerast med handel og overnatting i regionen. Foto: Line Hårklau

Nye kundeopplevingar

Å skape nye kundeopplevingar er eit viktig mål for samarbeidet. Men kva ligg i det?

– Mange dreg på julehandel til Førde. Det byr på fantastiske sjansar til å tilby fleire opplevingar, som ein god middag eller ein tur innom kunstutstilling. Opplevinga di av Sunnfjord blir til noko meir enn det opphavlege ærendet. Det handlar om kundane si totaloppleving av å besøke Sunnfjord, forklarer prosjektleiaren.

Forskarane skal løfte blikket for å sjå på samspelet mellom tre element: sjølve produkta, omgjevnadene og folka du møter.

– Kvart av desse elementa må vere av høg kvalitet, men dei må òg henge saman med kvarandre, seier Engeset.

Bedriftene :

  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
  • Thon Hotel Førde
  • Thon Hotel Jølster
  • Førde Gjestehus og Camping
  • Jølstraholmen
  • Teater Vestland
  • Førdefestivalen
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Alti Førde
  • Elvetorget

Prosjekteigar: Sunnfjord Utvikling

Forskingspartnarar: Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet (Campus Sogndal)

Samlar inn svar i eitt år

Startskotet for prosjektet gjekk tidlegare i haust. I desember samarbeider Vestlandsforsking med bedrifter i Sunnfjord om å skaffe ny kunnskap om kundane deira.

I dette arbeidet er Vidar Slettehaug sentral. Han jobbar i Sunnfjord Utvikling, som har rolla som prosjekteigar. Etter nyttår går prosjektet ut med ei første spørjeundersøking til kundar. Svar frå kundane skal hentast inn gjennom heile 2021.

– Ver ikkje overraska om du blir beden om å fylle ut eit spørjeskjema, anten du er på hotellet på Skei ein vinterdag, er innom Sunnfjord Museum i sommar eller ruslar rundt på kjøpesentera i Førde, seier Slettehaug. Med utgangspunkt i kundeundersøkinga skal bedriftene stikke hovuda saman og tenke ut måtar å skape nye kundeopplevingar på.

Utprøving undervegs

I arbeidet med å finne ut kva kundane likar, skal bedriftene som deltek bruke ein metode inspirert av reiselivsforskarar ved Nord Universitet i Bodø. Dei har jobba tett på reiselivsbedrifter for å teste nye produkt alt i utviklingsfasen.

– Denne måten å utvikle noko nytt på, skjer i samarbeid mellom bedrift og kunde. Ein fordel er at ein raskare kjem fram til det endelege sluttproduktet, sidan responsen kjem direkte frå kundane, seier Engeset.