Verdskjend professor til Sogndal

""
Professor Benjamin Sovacool er ein av dei mest siterte forskarane innanfor energi- og klimpolitikk.

Benjamin Sovacool er tilsett ved Vestlandsforsking. Han er ein av dei mest siterte forskarane på saker og kontroversar i energi- og klimapolitikken.

– Det er fantastisk å få han som mentor, spesielt for forskarar tidleg i karriera, seier forskingsleiar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Fokus for arbeidet vil vera på klimatilpassing, lokal klima- og miljøpolitikk og energi og transport. Sovacool skal også halde fire arbeidsseminar med tema som akademisk publisering, forskingsmetodar, og korleis ein bør utforme forskinga for å få størst mogeleg utbytte og påverknad.

– Han vil hjelpe forskarane våre med artikkelskriving, noko som blir stadig viktigare både for instituttet og for karrieren til den enkelte forskar, seier Halvor.

Dr. Benjamin K. Sovacool er professor i energipolitikk ved Universitetet i Sussex, Storbritannia. Sovacool har sterke band til høgt profilerte universitet og institutt over heile verda, og vil også kunne hjelpe sine nye Vestlandsforsking-kollegaer til å utvikle søknadar til nye forskingsprosjekt

– Dessutan blir hans kvalitetsvurdering av våre faglege innspel, artiklar og forskingsframlegg av stor verdi, seier han.

Prestisje og posisjon

– Kor stort er dette for vesle Vestlandsforsking?

– Gleda ved instituttet kan samanliknast med at Sogndal Fotball signerte ein Messi eller Ronaldo, seier forskingsleiaren med eit smil. – Men det er klart at å få ein slik ettertrakta fagmann med på laget styrkar vår eigen posisjon, særleg internasjonalt.

Professor Soovacool er globalt ein av dei mest siterte forskarane på saker og kontroversar i energi- og klimapolitikken. Både Gro Harlem Brundtland, amerikanske presidentar og nobelsprisvinnarar har uttrykt respekt for arbeidet hans, som forfattar eller redaktør av atten bøker og 300 fagfellevurderte akademiske artiklar og kapittel. Han har hatt kommentarplass i Wall Street Journal og San Francisco Chronicle, og er sjølv redaktør i tidsskriftet Energy Research & Social Science. Sovacool er også hovudforfattar for kapittel 4 om "Begrensingar og utviklingsval nær midtveges" i den sjette vurderingsrapporten det internasjonale klimapanelet (IPCC) skal levere i 2022.

Vidare har han hatt ei leiande rolle i å hente forskningsmidler frå ei rekke ulike kjelder i ulike land, som US Department of Energy, USAs National Science Foundation Rockefeller Foundation, NordForsk, EUs rammeprogran for forsking og frå forskingsråda i fleire europeiske land.