Skal sikre rettvis energiomstilling

Moberg, Linnerud og Walnum
Konstituert direktør Hans Jakob Walnum (t.h) og forskar Karen Moberg frå Vestlandsforsking (t.v.) med professor Kristin Linnerud frå HVL.

Forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet får 24 millionar kroner over åtte år til forsking ved eit nyetablert senter, NTRANS. Leiande forskingsmiljø skal samle kunnskap samfunnet treng framfor ei snarleg og djuptgripande omstilling av energibruken.

Når vegen mot nullutslepp-samfunnet skal stakast ut, vil senteret vil ha eit tverrfagleg fokus på konsekvensane av endringane som må til innan energikjelder og forbruk. Forskinga har som mål å  vise korleis denne omstillinga kan skje rettferdig og demokratisk.

– Vestlandsforsking har eit fagmiljø samansett av både lovande unge og leiande internasjonale forskarar som brenn for tematikken klimaomstilling. Å kunne arbeide så langsiktig, med overordna perspektiv frå ulike fag, og i eit bredt nettverk med brukarar og forskingspartnarar, er spesielt spennande, seier konstituert direktør Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.

24 millionar til Sogndal

Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal skal nytte 16 millionar og Vestlandsforsking 8 millionar på forsking i NTRANS, delt over åtte år. Vestlandsforsking skal mellom anna bidra med korleis  transportsektoren skal omstille seg for å få til drastisk nedgang i klimagassutslepp. Omstillinga som skjer i maritim sektor, og moglegheitene til å omstille flysektoren mot lav utslepp  på kortbanenettet  gjer Vestlandet spesielt interessant som case-område for NTRANS. Det er Forskingsrådet som finansierer omlag tredjeparten av totalt 303 millionar kroner. Forskarane kjem elles frå NTNU, Sintef, Universitetet i Oslo, NHH og SNF i Bergen og Institutt for energiteknikk. Uavhengige senter som NTRANS skal finne fakta utan å vera påverka av særinteresser, noko som er ekstra viktig der det trengst store politiske avgjerder.

Raske resultat

Samstundes skal forskarane bidra til at norsk næringsliv får rom for innovasjon og verdiskaping også etter dei store energibruk-omstillingane som kjem. Professor Kristin Linnerud ved Institutt for miljø- og naturvitenskap ved HVL er med i leiinga av NTRANS. Hennar rolle vil bli å knytte forskarar, næringsliv og offentlege brukarar betre saman.

– Forsking krev tid og ofte tolmod, men her legg vi no vekt på å dele kunnskap undervegs. Difor vil bedrifter og andre som deltek få nytte av ny kunnskap og fakta lenge før åtteårsperioden og  endelege konklusjonar er klar, seier ho.

Fleire av brukarpartnarar I NTRANS er frå Vestlandet, som Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Fylkeskommunen i Hordaland, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Kinn kommune, Saga Fjordbase, Bergen kommune og BKK.