Saman mot felles mål

Menneske saman i konferanserom

Klimaendringane gjer det vanskelegare å dyrke mat i store delar av verda og tvingar bøndene til å tilpasse seg nye vêrmønster. Dette er ei felles sak for Utviklingsfondet og Noradapt, som nyleg møttest hjå Vestlandsforsking for å bli betre kjende og vurdere framtidig samarbeid.

Bistandsorganisasjonen Utviklingsfondet jobbar for at småbønder skal stå sterkare når klimaendringar gir ekstremvêr og vanskelegare dyrkingsforhold. Organisasjonen er norsk, og har program i fem land; Malawi er eitt av dei. Under besøket i Sogndal viste dei dokumentarfilmen “Uår” (Differ Media) som nyleg vart sendt på NRK. I filmen møter vi mjølkebonden Einar Kiserud. Sommaren 2018 blir garden hans hardt råka av tørke etter ein lang periode med varmt vêr og lite nedbør. Han takkar ja til å bli med filmskaparane på ei reise til Malawi, der han møter bønder på sin eigen alder som har teke grep medan dei ventar på det livsviktige regnet.

Engasjerte studentar

Ettersom fleire i Noradapt underviser på masterprogrammet Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet, var det naturleg å invitere studentane til møtet og filmvisinga. Den tankevekkande filmen, som med enkle grep får fram kor livsviktig vêr og klima er for å skaffe mat, sette i gang mange tankar og diskusjonar.

Utviklingsfondet sine representantar fortalde òg om korleis dei arbeider for at småbønder som dei vi møter i filmen skal ha strategiar å møte vêrsvingingane med. Til dømes kan det handle om å skolere ein såkalla “model farmer” i nye dyrkingsteknikkar som gir betre vern mot tørke, og som bonden kan lære vidare til andre. Det kan òg handle om å spreie risikoen ved å dyrke fleire typar mat.

Jan Thomas Odegard, dagleg leiar i Utviklingsfondet, møtte ei lydhøyr og interessert forsamling av studentar og forskarar frå Noradapt og Høgskulen på Vestlandet.

Jan Thomas Odegard, dagleg leiar i Utviklingsfondet, møtte ei lydhøyr og interessert forsamling av studentar og forskarar frå Noradapt og Høgskulen på Vestlandet.

Sentral sak i FN

Stortingspolitikar og tidlegare leiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, såg filmen saman med Noradapt, Utviklingsfondet og studentar. Navarsete understreka at ho lenge har vore oppteken av dette “heilt grunnleggjande” temaet, og svarte engasjert på spørsmål frå materstudentane om tema som kjøtbasert kosthald og kor vidt det finst ein offisiell plan for å klimatilpasse det norske landbruket.

Liv Signe Navarsete fekk, som einaste polikar i rommet, mange spørsmål frå masterstudentane om den norske tilnærminga til landbruk og klima.

Liv Signe Navarsete fekk, som einaste polikar i rommet, mange spørsmål frå masterstudentane om den norske tilnærminga til landbruk og klima.

På eitt punkt var Navarsete optimistisk. Då ho i september deltok på FN sitt klimatoppmøte i New York, let ho seg overraske over kor mange som tok opp bøndene si sak, og særleg dei små bøndene. Som filmen “Uår” fekk klart fram, er nettopp verdas mange småbønder utsette for gjentatt avlingssvikt på grunn av vanskelege vêrforhold. Og ulikt oss i Norge, finst det ikkje noko sikkerheitsnett som fangar dei opp når dei står tomhendte og fryktar svolt. Navarsete gløda for å løfte landbruk og klima høgt på dagsorden.

–Vi sit i same båt, og vi må gjere noko, slo ho fast.

Du kan sjå heile dokumentarfilmen “Uår” på NRK nett-tv.