Foreldre bør auke sin kunnskap om dataspel

""
Bilde frå Forskingstorget 2018. Frå venstre: Gilda Seddighi og Selam Gile Merid

Foreldre sin manglande kunnskap om dataspel fører til konflikt i heimen viser ein ny forskingsrapport frå Vestlandsforsking.

- Foreldre bør vise nysgjerrigheit og interesse, er forskar Gilda Seddighi sitt tips til korleis familiar kan unngå konflikt om dataspeling i kvardagen.

Korleis vert det sett reglar for dataspeling i heimen?

Det er ei kjend sak at tidsbruk på dataspeling kan utløyse konflikt i familiar. Både blant foreldre og i offentlege debattar vert det ofte uttrykt at dataspel er i konkurranse med ungdommane sitt fysiske og sosiale nærvær, sjølv om vi veit at dataspeling også kan skape moglegheiter for ungdom til å utvikle ulike ferdigheiter.

I ein ny studie ved Vestlandsforsking er det undersøkt korleis det vert sett reglar i familien for dataspel i kvardagen. Ungdom og foreldre i 10 familiar busett på Vestlandet, Sørlandet og Østlandet er intervjua i forskingsprosjektet om dataspeling. Familiane er av ikkje-vestleg bakgrunn, men funna i studien kan brukast vel så godt på alle familiar.

Foreldra sin kunnskap om dataspeling er viktig for å hindre konflikt

Sentrale problemstillingar i studien var korleis dataspeling kan komme i konflikt med eller støtte opp under sosiale relasjonar, kvardagsrutinar og forpliktingar, og korleis foreldre reagerte på dataspeling.

Studien viste at familiane ofte hadde konflikt om tidsbruk rundt dataspeling. Resultata frå intervjua av familiane viser at fleire av familiane strevde med å lage ein arena for samhandling og dialog, og nokre foreldre hadde lite kunnskap om dataspel. Ein kombinasjon av mangel på dialog og lite kunnskap førte til store konfliktar i familiane. Når foreldra ikkje veit korleis dataspelinga fungerer, kan det føre til konflikt og frustrasjon både blant ungdom og foreldre.

Studien viste at det er betre med dialog med barna og bli einige om kva spel dei får spele og kor mykje tid barna kan bruke på spel, enn sanksjonar som å tvinge barna til uteaktivitetar, eller ta PC og mobil frå dei. – Det viktigaste for å hindre konflikt er dialog mellom foreldre og born og at foreldra har kunnskap om spelinga, seier forskar Gilda Seddighi.

Rapporten er skriven i prosjektet «Ungdom, dataspill, konflikt og regulering frå et familieperspektiv» som er finansiert av Medietilsynet og gjennomført i 2018. Det er forskar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking som er ansvarleg for prosjektet.

I media:

Sjå innslag i Vestlandsrevyen 28. januar