Nordisk konferanse om klimatilpassing samlar 400 deltakarar

""
Frå venstre: Carlo Aall, Eivind Brendehaug, Torunn G. Hønsi, Tone Rusdal og Kyrre Groven

Denne veka vert den femte nordiske konferansen om klimatilpassing arrangert i Norrköping i Sverige. Vestlandsforsking deltek med fem forskarar og presenterer både resultat frå forskinga og nysatsinga Norsk senter for klimatilpassing.

Aktuelt

Nordisk konferanse for klimatilpasning (NOCCA) vert arrangert 23-25 Oktober i Norrköping i Sverige. Konferansen samlar i år 400 deltakarar frå forsking, lokale, regionale og nasjonale styresmakter, næringsliv og friviljuge organisasjonar. Konferansen set fokus på, diskuterer og inspirerer til og gjev døme på løysingar og gjennomføring av klimatilpassing i nordiske land.

Presentasjon av Norsk senter for klimatilpassing

Vestlandsforsking deltek med fem forskarar og fire faglege presentasjonar, i tillegg til å for første gong presentere Norsk senter for klimatilpassing (NORADAPT) under ein internasjonal konferanse. Senteret blir presentert både munnleg under konferansen og i tillegg står forskarane på stand. Ei viktig oppgåve er å etablere nye nettverk og sjå etter nye medarbeidarar.

Dei faglege presentasjonane er blant anna frå eit prosjekt om havforsuring (lenke: https://www.havforsuring.no/). Les gjerne meir her om ulike prosjekt ved Vestlandsforsking om lokal og regional klimatilpassing dei siste åra (lenke: https://www.vestforsk.no/nn/taxonomy/term/2)

Nordisk konferanse for klimatilpasning (NOCCA)

Konferansen er eit samarbeid mellom Norge, Sverige, Finland og Danmark. Den vert arrangert anna kvart år, og vart sist arrangert i Bergen i 2016. Konferansen vert i 2018 arrangert av Sveriges meteorologiske og hydrologiske Institutt (SMHI), Norrköping kommune og Universitetet i Linköping. Les meir om Nordisk konferanse for klimatilpasning  her: http://nordicadaptation2018.net/about).