Laksefiskarane i Lærdal legg att mykje pengar i lokalsamfunnet

""
Øyvind Heimset Larsen prøver fiskelykka i Lærdalselvi. Foto: Eivind Brendehaug

Laksefiskarane i Lærdal legg att meir pengar lokalt enn fiskarar ved andre lakseelvar i Norge. I gjennomsnitt brukte fiskarane i Lærdal kr. 2600 per døgn til fiske, opphald, mat og drikke. Det visar at elveeigarane og Lærdalssamfunnet har klart å utvikle produkt som fiskarane er viljuge til å betale godt for.

Aktuelt

Dette kjem fram i ei undersøking utført av Vestlandsforsking, i samarbeid med NTNU og NMBU, på oppdrag av Lærdal elveeigarlag. Prosjektet har vore finansiert av Regionalt forskingsfond vest og leia av selskapet INAQ i Trondheim.

Det store fleirtalet av fiskarane i Lærdal fekk fangst av laks eller sjøaure i 2014 eller 2015. Dei praktiserer også fang og slepp i større grad enn fiskarar i andre elvar her i landet. Fiskarane meiner fang og slepp er viktig for å oppretthalde fiskebestanden i elva. Dei er av den oppfatning at om fisken blir handsama rett vil den overleve utsetting og gyte. Det er i samsvar med kartlegging av vandringa til Lærdalslaksen i prosjektet. Fleirgongsgytarane (den fisken som kjem tilbake for å gyte fleire gonger) står for heile 40 prosent av rekruttering til laksestammen i Lærdal.

Det er og verd å merke seg at fiskarane i Lærdal ikkje skilde på konsekvensane av eige og andre fiskarar sine handlingar når det gjeld uttak av fisk frå elva. Vanlegvis meiner folk at eigne handlingar har mindre uheldige konsekvensar enn andre personar sine handlingar. Dette viser at fiskarane i Lærdal har eit stor medvit omkring eigne handlingar.

Fiskarane i Lærdal er meir nøgde med opphaldet enn fiskarane i landet generelt. Dei opplever å få det dei er ute etter i Lærdal: oppleve natur, slappe av, vere med venner/familie, kome bort frå det daglege, samt å oppleve utfordrande kamp med fisken. For fleirtalet av lærdalsfiskarane (¾) har det betydning å kunne fange stor fisk, men dei er ikkje opptatt av å fange så mange fisk som mogleg. At naturopplevinga er det viktigaste gjer det naudsynt å ta vare på naturmiljøet langs vassdraget.

Denne kunnskapen er viktig i det vidare arbeidet med å auke verdiskapinga ut frå den verdifulle ressursen som laksen i Lærdal er.

Sjå også Falkeblikk sin brosjyre "Lærdalselva ViLL"

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium