Kommunar har nytte av forsikringsdata i arbeid med klimatilpassing

""
Klimaendringane fører til stadig fleire episodar med kraftig regn. Det viser att i skadetala frå forsikringsbransjen, som står sentralt i ein studie Vestlandsforsking har gjort for Miljødirektoratet. Foto: Rolf Marnburg, NRK.

Kommunar kan ha god nytte av skadedata frå forsikringsselskapa, slår Vestlandsforsking fast i ei kartlegging for Miljødirektoratet. Kommunane brukte mellom anna informasjonen dei fekk utlevert til å finne problemområde i vass- og avløpsnettet.

Aktuelt

Ekstremregn er blant vêrtypane vi får meir av med klimaendringar. For kvart hus som får kjellarar eller røyr øydelagde av overfløyming, registrerer forsikringsbransjen opplysningar om mellom anna tidspunkt, årsak og skadeomfang. Denne informasjonen kan vere nyttig for kommunar, og difor har Miljødirektoratet arbeidd for at norske kommunar skal få utlevert skadedata til bruk i førebygging av klimarelaterte skadar. Tanken er at dersom teknisk etat får oversikt over alle skadetilfella i eit område på eit gitt tidspunkt, kan dei tenkast å avdekke svake punkt i leidningsnettet og hindre ytterlegare skadar.

Utprøving i fire år

I 2013 fekk fleire kommunar utlevert eit sett med skadedata frå Finans Norge, hovudorganisasjonen for finansnæringa. Det var Miljødirektoratet som tok initiativ til utprøvinga, og kommunane vart rekrutterte frå eit statleg nettverk for klimatilpassing. Ideen var at kommunane skulle sjå kva dei kunne bruke materialet til, med visse restriksjonar av omsyn til personvern. Hausten 2017, etter om lag fire års utprøving, kartla Vestlandsforsking kommunane sine erfaringar gjennom intervju med tilsette i Oslo, Bærum og Stavanger kommune.

Teknisk krevjande

Både Oslo, Bærum og Stavanger kommune har hatt god nytte av tilgangen til skadedata frå forsikringsbransjen. Ved å kartfeste skadetilfelle har dei til dømes fått ei ekstra stadfesting på mistankar om «problemområde» i vass- og avløpssystemet.

Samtidig melde kommunane at datasetta dei fekk utleverte var store og uryddige. Mange opplysningar viste seg å vere feil eller irrelevante slik at data måtte forkastast. Er til dømes adressa feil, kan ein ikkje kartfeste skadetilfellet. I Oslo sitt tilfelle var kartfesting berre mogeleg for rundt 70 prosent av skadetilfella. I tillegg var datasettet fullt av skadetilfelle som ikkje hadde med klimaendringar å gjere og måtte sjaltast ut. I eit datasett med 35.000 skadar, var berre 10 prosent av oppføringane faktiske nedbørsskadar.

Håpar alle kommunar får tilbodet

Trass i låg datakvalitet og krevjande tilrettelegging, svarar kommunane at nytten overstig kostnadene ved å ta i bruk skadedata frå forsikringsnæringa. Dei håpar altså at Finans Norge held fram med å utlevere slike datasett og at alle norske kommunar får tilbodet. For at nytten skal bli størst mogeleg, føreslår dei likevel ei rekkje konkrete utbetringar, mellom anna når det gjeld forsikringsbransjen si registrering av opplysningar om skadetilfelle.

Les meir om kommunane sine erfaringar med å ta i bruk geografisk lokaliserte skadedata frå Finans Norge i rapporten som òg gir ein oversikt over databasar som er relevante for å vurdere naturskade og klimaendringar:

Status og muligheter ved bruk av skadedata i arbeid med klimatilpasning