Kommunane gjer nordmenn sprekare enn polakkar

Ny forsking viser at nordmenn er dobbelt så fysisk aktive som polakkar. Det har dei norske kommunane mykje av æra for.
Ei ny doktoravhandling samanliknar 11 kommunar i Polen med åtte kommunar i Norge, og konkluderer med at nordmenn rører seg vesentleg meir enn sine polske makkerar.
– Dei vurderer dessutan tilstanden av idretts- og rekreasjonsinfrastruktur i kommunane som mykje betre, fortel Anna Maria Urbaniak-Brekke, som står bak forskinga.
Avhandlinga undersøker kor stor påverknad kommunane har på nivået av fysisk aktivitet i lokalsamfunn i Polen og Norge. Dei norske kommunane som har vore med i prosjektet er Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
– Svaret er at den kommunale tilrettelegginga har mykje å seie, fortel Urbaniak-Brekke.
God infrastruktur er nøkkelen
Forskaren har interessert seg for situasjonen til polske kommunar som ligg langt frå store byområde.
– Her bur det mange folk og det er gjort lite forsking på denne gruppa, seier ho.
Undersøkingane gjekk over eitt år. 370 personar over 15 år i Norge og 382 i Polen deltok. I tillegg intervjua Urbaniak-Brekke tilsette med ansvar for fysisk aktivitet i alle dei 19 kommunane.
– Med grunnlag i forskinga presenterer eg ein ny modell som viser moglege tiltak som kommunale myndigheiter i Polen kan sette i verk for å auke den fysiske aktiviteten i lokalsamfunnet, fortel ho.
Eit viktig tiltak er å investere i god infrastruktur for fysisk aktivitet.
– Undersøkinga viser at folk som brukar sports- og rekreasjonsinfrastruktur har høgare fysisk aktivitetsnivå, og trener oftare og lengre, seier Urbaniak-Brekke.
– Difor bør det bli lagt ned ein innsats for å forbetre tilstanden til infrastruktur i polske kommunar, og på den måten motivere fleire til å vere fysisk aktive.
Disputerer i Polen
Urbaniak-Brekke har master i internasjonalt reiseliv ved University School of Physical Education og i internasjonale relasjonar ved Adam Mickiewicz University. Ph.d.-utdanninga er gjennomført ved University School of Physical Education i Poznan.
Ho har budd i Norge i tre år, og jobba ved Vestlandsforsking som forskar det siste året. Ved instituttet arbeider ho med utvikling av reiselivet basert på kultur, fysisk aktivitet og friluftsliv i regionen.
Disputasen finn stad ved University School of Physical Education i Poznan i Polen tysdag 9. oktober og er open for alle. Tittelen på avhandlinga er: «Physical activity of local communities in Poland and Norway – in the context of actions of the local government».