Teknologiløft for Sogn og Fjordane

""
Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking og Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft. Foto: Silje Lunde Nesdal

Forskingsmiljøa ved HVL og Vestlandsforsking er tildelte opp mot 28 millionar i støtte frå Forskingsrådet til eit prosjekt om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata.

Aktuelt

Prosjektet skal gå over seks år, og vil først og fremst bygge kompetanse ved dei to institusjonane. Det vil bli fleire med doktorgrad, fleire professorar og seniorforskarar innan teknologifeltet. Forskarane vil gjennom prosjektet jobbe tett med næringslivet i fylket for å spreie kunnskap, ta imot innspel og utvikle konkrete prosjekt i fellesskap.

- I den omfattande digitaliseringstrenden vi ser no, er det veldig vanskeleg for alle å henge med, men særleg for dei små og mellomstore bedriftene. Digitaliseringa slår inn i alt – råvareproduksjon, produksjonsprosessar og marknadskommunikasjon. Så vi treng sårt dette løftet i Sogn og Fjordane for å vere konkurransedyktige i framtida, seier Leon Bakkebø frå Sogn og Fjordane Næringsråd, ein av fleire aktørar som er med som støttespelarar.

Bygge eit større forskingsmiljø

Etter innspel frå næringslivet, har fagfolka bak prosjektet valt å bygge kompetanse breitt på IT, automatisering og digitalisering, og meir spissa innan robotikk og stordata, der høgskulen og Vestlandsforsking alt har eit godt grunnlag å bygge på i dag. Særleg har arbeidet med den nye IT-utdanninga som kjem i Sogn og Fjordane til hausten vore med og danna grunnlaget for denne nye satsinga.

- Ein av dei viktigaste målsettingane for prosjektet, er at den kompetansen som blir bygd opp hos oss skal føre til nye innovasjonar og betra konkurransekraft for næringslivet i fylket, seier Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft.

Fram til jul har han stillinga som viserektor for fou i nærregion Sogn og Fjordane, men over nyttår blir han førsteamanuensis ved Fakultet for ingeniør og naturvitskap. I arbeidet med søknaden har han jobba tett med Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Ho er svært glad for sjansen til å auke kompetansen på digitalisering:

- Vi veit at digitalisering og automatisering vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og at grunnleggande forståing av teknologien og korleis nytte den best, er avgjerande for utviklinga framover, seier Lunde.

- No får vi sjansen til å drive langsiktig og strategisk kunnskapsbygging og bygge eit større forskingsmiljø her i fylket på område som er viktige for næringslivet, og vere tettare på der det skjer. At forskingsmiljø og bedrifter får jobbe tett saman, tenkjer eg vil gi eit stort løft.

Forankra i lokale strategiar

Både Lunde og Kyrkjebø framhevar at regionalt engasjement var avgjerande for at søknaden fekk gjennomslag i Forskingsrådet. Prosjektet har fått støtte frå mange aktørar i fylket – mellom anna satsar Fylkeskommunen seks millionar kroner og Sparebanken Sogn og Fjordane er inne med to millionar. Vidare bidreg dei to forskingsinstitusjonane også sjølv med midlar, og næringslivet har gitt støtte. Andre samarbeidsaktørar er Kunnskapsparken og Sintef.

- Mange bedrifter og kompetansemiljø i fylket er alt no med i prosjektet, og vi vil gjerne ha med oss fleire. Dette skal vere ein open og inviterande arena for heile fylket, seier Kyrkjebø.

Prosjektet skal evaluerast etter tre år før ein får midlane til å fortsette dei siste tre åra. I alt har prosjektet eit budsjett på nærmare 45 millionar kroner. Desse pengane skal gå til fleire ulike tiltak:

  • Utdanninga av fem doktorgradskandidatar

  • Næringsrelevant kompetanseheving til professor- og seniorforskarnivå

  • Utviklinga av konkrete prosjekt saman med næringslivet

  • Dialogarenaer mellom forskingsmiljø og næringslivsmiljø

  • Arbeidsplassar i bedriftene for forskarar

  • Utanlandsreiser for å hente kunnskap og inspirasjon

  • Eit etter- og vidareutdanningstilbod innan robotikk og digitalisering

  • Ei masterutdanning som kan levere kandidatar med høg kompetanse til næringslivet

Eksempel frå bygg og oppdrett

Lunde og Kyrkjebø ser alt mange konkrete prosjekt og løysingar som kan vekse ut av prosjektet Teknoløft.

- Så langt har vi vore i kontakt med eit tjuetals bedrifter som er med i ei referansegruppe. Dette inkluderer produksjonsbedrifter innan energi, næringsmiddel og marine miljø – i tillegg også gründerbedrifter innan IT og teknologi, fortel Lunde.

Bedrifta nLink er eit godt lokalt eksempel på denne typen teknologiutvikling. Der har dei laga ei løysing for å automatisere ein del av byggeprosessen med ein robot som borar hol i tak for elektriske installasjonar. Vidare finst det stort potensiale innan stordata for å gi betre informasjon og styringsverktøy til fiskeoppdrett. Systematisering av store datamengder om fôring, vekst og helse kan brukast til å utbetre produksjonen.

- Vi vil gjerne ha fleire slike prosjekt her i fylket. Vidare, at næringslivet skal kunne nyte godt av kompetansen vår når dei utviklar slike løysingar, og ikkje må gjere alt sjølve, seier Kyrkjebø.