Korleis kan du og eg halvere klimagassutsleppa?

""

Vestlandsforsking er representert under dei pågåande klimaforhandlingane i Bonn gjennom presentasjon av førebelse resultat frå Hope-prosjektet.

Aktuelt

Prosjektet, som blir gjennomført i fire land, ser på om hushaldningane er villige til å akseptere strengare tiltak for å endre forbruksmønster og –nivå, for dermed å bidra til å nå 1,5 gradersmålet. Vår bodskap er at frivillige forbruksendringar klarar å redusere utsleppa med 25%. Skal vi få bidrag som verkeleg monnar – i størrelsesorden 50% reduksjon innan 2030 – så må vi som forbrukarar styrast gjennom reguleringar. HOPE-prosjektet viser at dette er vi i utgangspunktet villige til så lenge slik tvang rammar alle og skjer på ein rettferdig måte.

Resultata er frå prosjektet "Household preferences for reducing greenhouse gas Emission in four European High Income Countries" (HOPE) som er gjennomført i fire likearta byar i fire land: Norge (Bergen), Sverige (Umeå), Frankrike (Communauté du Pays d`Aix) og Tyskland (Mannheim). Det er gjennomført intervju og eit eige klimaspel med ca. 400 hushaldningar.

Meir om prosjektet