Korleis få fleire jenter interessert i IKT?

""
Frå venstre: Norunn Kjøsnes, Eid ungdomsskule, Ove Bjørlo, Eid vgs., Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking og Gro Iren Nedreberg, Stårheim skule. Foto: Ole Jonny Lillestøl

Eid vidaregåande skule, Stårheim skule, Eid ungdomsskule og Vestlandsforsking ønskjer å teste ut ein ny samarbeidsmodell for å få fleire jenter interessert i IKT og programmering.

IKT-fag, særleg dei mest tekniske og programmeringsretta, er sterkt mannsdominert i Norge, og er meir dominert av menn enn i andre land ein kan samanlikne seg med. Derfor er det viktig å få auka interesse for teknologifag blant jentene. - Vi veit at det ikkje skjer av seg sjølve å inkludere jenter i desse faga, og vi må gjere noko for å få fleire av dei med, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking som har forska på temaet i tjue år. Tala har faktisk ikkje forbetra seg sidan 80-talet, til forskjell frå andre fag der gutar og menn har vore i fleirtal, seier Corneliussen.

IKT-kompetanse er heilt sentralt for den oppveksande generasjonen si deltaking i samfunnet som vert meir og meir digital. Programmering vart frå 2016 tilgjengeleg som valfag i skulen, men det har vore lite fokus på å inkludere jentene i faget. Det vil miljøet på Eid og Vestlandsforsking gjere noko med.

Prosjektet har fått namnet STILIG. Det står for «Samarbeidsmodell for trinnbasert inkluderande læringsmiljø i IKT i grunnskulen», og vil ha som mål å inkludere alle elevgrupper i IKT og programmering. I forprosjektet som starta i haust, vil ein invitere regionalt næringsliv, IKT-ekspertar, lærarar og elevar frå vidaregåande skule og ungdomsskule med på laget, for å utforske korleis dei kan bidra.

Erfaringane som vert hausta i forprosjektet skal nyttast til å rigge eit større forskingsprosjekt for 2018 – 2021. I hovudprosjektet er planen å designe, etablere og prøve ut ein modell for inkluderande IKT-undervisning i grunnskulen ved hjelp av regionale ressursar som omfattar vidaregåande skular, pedagogar, næringsliv, IKT-ekspertar, foreldre og FoU-miljø. Visjonen er at Sogn og Fjordane vert ein spydspiss i arbeidet med å gjere programmering til eit fag der alle elevgrupper, også jentene, blir inkludert.

– Det er ei styrke for dette prosjektet at Hovudutvalet for Opplæring nyleg har vedteke at Eid vidaregåande allereie frå hausten 2018 kan starta opp ei teknologiklasse for Vg1 på studiespesialiserande, i tillegg til at Utdanningsdirektoratet har gitt skulen løyve til å prøve ut forsøkslæreplanen til det nye programfaget for studiespesialiserande kalla "Programmering og modellering X" – også det frå hausten 2018, seier rektor ved Eid vidaregåande skule Ove Bjørlo.

Det vert med andre ord mykje fokus på teknologiutdanning på Eid framover, og samarbeidet kring STILIG skal legge til rette for at jentene også vert med.

- Eg er glad for at dette pilotprosjektet for å fremje IKT-faget no har starta opp, og at vi har skulane i Eid med i forprosjektet, seier direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking. Det er Forskningsrådet som løyver 200.000 kroner til eit forprosjekt frå det nye programmet FORKOMMUNE som starta opp i 2017. Forskingsprogrammet skal bidra til innovasjon ved å utvikle ny kunnskap som er relevant for kommunesektoren, i tillegg til å sørgje for ein betre kopling mellom kommunesektor, forskingsmiljø og andre kunnskapsaktørar.

Les meir om FORKOMMUNE her: https://www.forskningsradet.no/prognett-forkommune/Forside/1254022722212

I media:

Nytt samarbeidsprosjekt skal heve jenteinteresse, Fjordabladet, 28.11.2017

No skal dei få fleire jenter interesserte i programmering, Sogn Avis, 17.12.2017

Ønskjer fleire jenter, Fjordenes Tidende, 01.01.2018