For dyrt å førebyggje naturskade

""
Flaumsikring i Sogndalselvi

Kommunar må ofte nøye seg med å byggje opp att infrastruktur som er øydelagt etter flaum og skred utan grep som førebyggjer framtidig skade, viser ei utgreiing Vestlandsforsking har gjort for KS. – Vi ser at det trengst ei støtteordning for kommunar som vil førebyggje, seier forskingsleiar Carlo Aall.

Med eit klima som endrar seg i retning av meir flaum og skred, vil mange kommunar måtte handtere skade på vegar og annan fysisk infrastruktur. Eit av spørsmåla Vestlandsforsking har utgreidd for KS, er kva det kostar skaderåka kommunar å byggje opp att infrastruktur på ein slik måte at ein førebyggjer nye tilfelle av naturskade. Utgreiinga viser at det rimelegare alternativet, altså å reparere det som er øydelagt utan førebyggande grep, ofte blir utfallet.

Har ikkje råd
- Når infrastrukturen berre blir ført attende til tilstanden før hendinga, skuldast det som regel manglande tilgang på økonomiske ressursar. Vi har dessutan erfart at kommunane i langt mindre grad enn staten opplever å ha økonomiske rammer til å investere i slike førebyggingstiltak, seier prosjektleiar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall.

Metode for å samanlikne
Rapporten «Føre-var, etter-snar eller på-stedet-hvil?» viser også i kva grad og på kva måte offentlege styresmakter på ulike forvaltningsnivå vurderer ekstrakostnader ved førebygging når dei må byggje opp att vatn- og avlaupssystem, vegar, bygningar og hamneanlegg etter røffe vêrhendingar. Forskarane føreslår òg ein metode for å rekne ut kva reparasjon med førebygging kostar samanlikna med ein rein reparasjon utan førebyggjande grep.

Ordningar stimulerer ikkje
Forskarane har avdekt eit misforhold mellom dei økonomiske vilkåra kommunar og fylkeskommunar har når dei skal byggje opp att infrastruktur og vilkåra staten har i slike situasjonar.

- Staten får fullfinansiert sine tiltak over statsbudsjettet mens kommunesektoren ikkje får finansiell støtte til slik førebygging, seier Aall, som i rapporten slår fast at denne typen finansieringsordningar bør vere uavhengig av forvaltningsansvaret.

- Kommunal og fylkeskommunal infrastruktur er ikkje omfatta av viktige forsikrings- og finansieringsordningar for dekking av naturskader. Dagens forsikrings- og skjønnsmiddelordning stimulerer heller ikkje til å førebyggje skade etter naturskade, seier Aall.

NVE-sikring monnar ikkje
Forskarane peikar vidare på at den einaste ordninga i Norge som legg vekt på å hindre at det skjer nye, liknande tilfelle av naturskade i framtida, er NVE sine sikringstiltak mot flaum og skred. Denne ordninga er langt frå stor nok til å monne for kommunesektoren, som står overfor store utfordringar over heile landet.