"Dårleg planlegging" viktigare enn "dårleg vêr" som årsak til naturskade?
I ein presentasjon på årets plankonferanse arrangert av Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Hordaland la forskingsleiar Carlo Aall fram resultat frå prosjektet AREALKLIM, der forskarane har studert 10 historiske naturskadehendingar og hatt dialog med 5 kommunar om korleis ta omsyn til klimaendringar i arealplanlegginga.
Dato:
28.10.2014
Hovudkonklusjonen frå prosjektet er at "dårleg planlegging" har vore ein viktigare årsak enn "dårleg vêr" for naturskadehendingar på vestlandet.