Kan vi planlegge oss ut av klimaproblema?
Er det dårlege planar eller dårlegare klima som gjer at vi opplever aukande problem med ekstremvêr på Vestlandet? Dette spørsmålet skal styresmakter nasjonalt, regionalt og lokalt på Vestlandet i samarbeid prøve å svare på dei neste tre åra.
Nyleg løyvde Regionalt forskningsfond Vestlandet og ei rad aktørar nasjonalt og på Vestlandet til saman 3,7 millionar kroner til prosjektet ”Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima” (AREALKLIMA). Prosjektet skal studere historiske naturskadehendingar og finne ut om skadeomfanget skuldast dårleg planlegging, uføresette klimaendringar eller andre forhold. Desse lærdommane skal så spelast inn til nokre utvalde pågåande arealplanprosessar med tanke på å gjere samfunnet meir robust overfor framtidige klimaendringar. Kunnskap frå prosjektet skal også nyttast til å utvikle kurs og læremateriell om ekstremvêr, klimaendringar og planlegging for vidaregåande skular og høgskular.
Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og ein av deltakarane i prosjektet, stiller følgjande spørsmål: ”Kunne problema med elforsyning, telefon- og mobilsamband som følgje av ekstremveret ’Dagmar’ blitt mindre omfattande om vi hadde planlagt samfunnet annleis?”. Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, peikar på at eit viktig mål for prosjektet er å utvikle planleggingsmetodar som skal gjere lokale og regionale planmyndigheiter betre i stand til førebygge naturskadehendingar.
Desse offentlege instansane er med i prosjektet: Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland; Naustdal, Stavanger og Sandnes kommune og Fylkesmannen si beredskapsavdeling i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland. Vidare er desse nasjonale aktørane med: Norges vassdrags- og energidirektorat, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, og Statens naturskadefond.
Vestlandsforsking er fagleg ansvarleg og samarbeider med Bjerknessenteret, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Nettverk for miljølære, skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.
For meir informasjon kontakt prosjektleiar ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig eller forskingsleiar Carlo Aall