Tone Rusdal har ein mastergrad i klimaendringar frå Københavns Universitet med tverrfagleg fordjuping innan klimatilpassing og berekraftig utvikling.
Ho har ein bachelorgrad i fornybar energi frå dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane, med fokus på transport og arealplanlegging. Tone si masteroppgåve, med tittelen «Socio-Technical Transformations in a Developing Country: A case study of Climate-Smart Agriculture in Ghana», vart skriven i samarbeid med forskingsprogrammet Climate Change, Agriculture and Food Security, og undersøkte skjæringspunktet mellom tekniske løysingar og klimapolitikk i jordbrukssektoren i Ghana. I studietida har Tone opparbeida seg kompetanse innan naturressursforvaltning, biokjemi og grøn omstilling.