La fram oppsiktsvekkjande klimatal

Carlo Aall

Carlo Aall ved Vestlandsforsking overraska mange då han under konferansen Lomsløftet la fram tal på klimaavtrykket frå norsk reiseliv som viste at dei samla utsleppa nesten er i same storleik som dei frå norsk oljeindustri.

– Når vi slår saman nordmenn sine utslepp frå ferie i inn- og utland med utlendingar sin ferie i Norge, og tek med utsleppa frå flyreisa inn og ut av Noreg, er utsleppa av CO2 frå norsk reiseliv om lag like stort som 20 prosent av dei utsleppa som inngår i den offisielle norske klimarekneskapen. Dette var nok ein augeopnar for mange, fortel Aall. 

Norge har den mest ambisiøse målsettinga i verda når det gjeld å legge om til eit berekraftig reiseliv. Likevel veit ikkje styresmaktene kor mykje klimagassar som kjem frå reiselivet.

– Det er eit tankekors at styresmaktene, som ønskjer å få til eit berekraftig og klimanøytralt reiseliv, ikkje veit kor store klimautsleppa er frå reiselivet, og difor ikkje kan fortelje om reiselivet nærmar seg eit slikt mål, held Aall fram.

Forskarar ved Vestlandsforsking har difor måtte setje saman og tolke tal frå ei lang rekke ulike kjelder for å skaffe ein slik oversikt. Dette blei første gong gjort i 2011 med tal for 2005 som del av arbeidet med å lage eit klimaspel for norsk reiseliv. Desse tala blir no oppdatert til 2015. Flytrafikken åleine står for to tredelar av klimautsleppa frå reiselivet. Dersom vi skal nå eit klimamål om å halvere utsleppa innan 2030, er forskarane difor samde om at då må noko skje med flybruken. 

El-fly for seint

– Under Lomsløftet vart det einigheit mellom forskarar og representantar for både småskala og det tradisjonelle reiselivet at El-fly er i kjømda, men kjem ikkje i tide fordi godkjenningsprosessar for nye fly tek for lang tid. Om reiselivet skal ta sin del av arbeidet med å halvere klimagassutsleppa innan 2030 er vi derfor nøydde til å diskutere korleis norsk reiseliv skal tene pengar utan å vere avhengig av at omfanget av flyreiser skal halde fram med å auke, seier Aall. 

Størst i verda

Reiseliv er rekna som den største næringa på verdsbasis, mellom anna ved at den sysselset flest personar. I Noreg veks næringa frå år til år, etter næringa sine eigne utrekningar, og nordmenn er svært glad i å reise. 

– Vi må prøve å roe ned det evige jaget etter nye opplevingar på så fjerne stader som mogeleg, og heller reise saktare og kortare til stader vi tek oss ekstra tid til å nyte, meiner Aall. 

 

Datagrunnlag for utrekningane av klimagassrekneskapen for norsk reiseliv: https://www.vestforsk.no/sites/default/files/migrate_files/r-sdn-sluttrapport-endeleg-260611-2-.pdf