Velferdsteknologi - status i kommunane i Sogn og Fjordane
Rapporten presenterer resultata frå ei undersøking blant kommunane med føremål å kartlegga pågåande og planlagd aktivitet knytt til velferdsteknologi. Undersøkinga omhandlar fire område:
- organisering av helse- og omsorgstenester med omsyn til institusjonsplassar, omsorgsbustader og brukarar,
- teknologiske løysingar,
- kunnskap om velferdsteknologi og
- informasjon om pågåande og planlagde prosjekt.
Undersøkinga "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" vart gjennomført av Vestlandsforsking i samarbeid med Flora kommune, IT-forum og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane.
Prosjektet "Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane" er i 2014 finansiert av "Fornyingsmidlar" frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Flora kommune er prosjekteigar og ITforum/Vestlandsforsking er prosjektleiar. Arbeidsgruppa har følgjande medlemmer i 2014:
Vestlandsforsking, Flora kommune, Eid kommune, Gloppen kommune, Førde kommune/Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT), NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane, Eid vidaregåande skule, Fylkeslegen i Sogn og Fjordane og IT-forum Sogn og Fjordane som sekretariat.