Universell utforming. Ei undersøking av tilgjengelegheit for statlege nettsider
Vestlandsforsking har fått i oppdrag å undersøkja tilgjengelegheit for statlege nettsider, ut frå tilrådingane frå W3C (WAI/WCAG). Undersøkinga byggjer på evalueringane i Kvalitet 2005 der tilgjengelegheit var eitt av tre hovudområde.
Resultata frå Kvalitet 2005 er analyserte og supplerte med intervju av ni statlege etatar. Resultata av undersøkinga viser følgjande barrierar for auka tilgjengelegheit:
• manglar i systema grunna alder eller storleik
• manglande kompetanse om feltet
• leverandørane i for liten grad tek omsyn til tilgjengelegheit når dei utviklar løysingar