Sustainable Destination Norway 2025 - Sluttrapport
SDN viser at den globale utviklinga i inntektsnivå og folketal er av stor betydning for utviklinga i norsk reiselivsnæring. Ein ambisiøs klimapolitikk, kombinert med eigne nasjonale politiske mål, har små konsekvensar for lønsemdsutviklinga i reiselivsnæringa. Funna peiker på behov for langt strengare virkemiddel for å nå noverande nasjonale mål for utvikling av eit meir berekraftig reiseliv i Norge.
Vår scenariomodell viser at det er ein klar konflikt mellom den noverande reiselivsutviklinga i Norge og landets ambisjonar om karbonnøytralitet. Scenariomodellen viser t.d. at eit effektivt tiltak for å redusere utsleppa av CO2 frå reiselivet kan vere å redusere investeringar i flyplassar og i staden kanalisere desse ressursane til offentleg transport og høghastighetstog. Det same gjeld det å innføre ein norsk karbonskatt og ein internasjonal skatt på flyreiser. Scenariomodellen viser også at ein ambisiøs klimapolitikk kan kombinerast med god auke i lønsemda i reiselivsnæringa og med auke i tal utanlandske turistar til Norge.