Sogndal fotball - individualisert lagidrett med ny teknologi

Rapport
Id:
2017-9

Sogndal Fotball AS skal vere i forkant med bruk av ny teknologikunnskap blant klubbane i norsk fotball. Satsinga er forankra i styret med strategiplanen utforma i 2013, revidert i 2014, der dei utvalde programområda, som samtidig er delmåla i skattefunnprosjektet, er basert på tilråding i forprosjektet: ”Individualisering av lagidrett”. Dette vart gjennomført hausten 2012.

Hovudmål i skattefunnprosjektet frå 2013-2016 var å utvikle nye marknader for Sogndal Fotball AS ved å gjere Fosshaugane Campus til nasjonalt FoU-senter for fotball. Prosjektet skulle skape nye tenester, arrangement og produkt for sal. Satsinga skulle bringe fram kunnskap og realisere potensiale for næringsutvikling i skjeringspunktet mellom fotball som praksis og fotball som utdannings- og forskingsfelt. Gjennom samarbeid med FoU-institusjonar skulle bedrifta utvikle forståing og forklaringsmekanismar for resultatindikatorar for toppfotball. Prosjektet vart av Forskingsrådet definert som industriell forsking i hht. art 30 i EF 800/2008. Prosjektet varte frå 2013- 2016 då bedrifta søkte om og fekk godkjent forlenging også ut 2016.

Vestlandsforsking bidrog med følgjeforsking og å samle inn prosessdokumentasjon. Følgje-evaluator si rolle i prosjektet var òg å komme med kritiske konstruktive innspel til prosjektet si leiing.

Leiinga meiner det er grunnlag for å seie at prosjektet har lukkast til overmål. Utover konkrete nye og forbetra tenester, produkt og prosessar i bedrifta har prosjektet og vore grunnlag for etablering av eit nytt selskap, Better Player AS. Dette synet samsvarer med konklusjonen i evalueringa. Prosjektet har sterkt medverka til utvikling av organisasjon og kultur i bedrifta og til eit betre samarbeid i miljøet.