Smartare rapportering! Innovasjon gjennom nye modellar for rapportering mellom kommunar og stat

Av:
Rapport
Id:
Desember 2019
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Prosjektet «Smartare rapportering! Innovasjon gjennom nye modellar for rapportering mellom kommunar og stat» har gått gjennom rapporteringsrutinar mellom kommunar og statlege etatar som grunnlag for utvikling av meir effektive metodar baserte på bruk av opne data. Idéen om bruk av opne data og å gå «frå få til finn» let seg ikkje realisera i praksis. Prosjektet har difor vorte innretta mot dei innleiande kartleggingane i tillegg til diskusjonar i prosjektgruppa om dagens rutinar og mulege forbetringar. Rapportering er diskutert meir overordna for å få fram både positive og negative sider ved dagens rapporteringssystem. Rapportering krev mykje ressursar, og små kommunar har veldig små mulegheiter for å påverka ressurskravet. Samstundes er det eit stort potensial for betre gjenbruk av data og dermed lettare rapportering med større grad av automatisering. Her er kommunane avhengige av eit betre samarbeid og samspel mellom dei som bestiller rapportar og dei som utviklar fagsystema data blir henta frå.