På veg - Utvikling av eit informasjons- og underhaldningssystem for transportnæringa

Rapport
Id:
2007-9

Prosjektet ”På veg – utvikling av informasjons- og underhaldningssystem for bussar”  tek mål av seg å gi passasjerane ei meir meiningsfylt reise. På veg er eit informasjons- og underhaldningssystem for mobile transport-løysingar. I første del av prosjektet er det utvikla ein prototype for bruk i ekspressbuss, og den er prøvd ut på ruta Førde – Oslo.

Prototypen har vore installert i ekspressbussen Førde – Oslo sidan starten av oktober 2007. Utprøvinga av prototypen vart forseinka på grunn av sein leveranse av ny ekspressbuss og driftsproblem med nyinnkjøpt buss. Sidan november 2007 har prototypen vore i fast drift på ein av ekspressbussane.

Ei hovudmålsetjing i prosjektet er gjenbruk av informasjon. På veg tek utgangspunkt i informasjon som alt er elektronisk tilgjengeleg og presenterer det i ei ny ramme og ein ny samanheng. På veg presenterer både stadbunden informasjon og informasjon som er uavhengig av stad. Det er den første delen som gjer På veg unik. Ved hjelp av eit posisjoneringssystem (GPS) blir posisjonen til bussen registrert kontinuerleg og brukt som input til søk etter relevant informasjon. Informasjon som ligg innafor ein førehandsdefinert radius blir henta opp og vist.

Første del av prosjektet har resultert i ein ferdig prototype som er klar til å setjast i drift når økonomiske og driftsmessige forhold er avklara mellom systemeigar (Fjord1) og leverandør av presentasjonssystem. Til slutt i den første fasen av prosjektet vil det bli gjennomført ei spørjeundersøking til passasjerane for å få svar på spørsmål knytt til systemet og til framtidige ønskje.