Rapport
Id:
2012-2

Dette er ei evaluering av resultat og forklaringar til resultat for programmet Frukt og bær rundt
neste sving. Hovudkonklusjonen er at programmet i stor grad har skapt resultat i form av nytt
samarbeid mellom tilbydarar av mat og med reiselivet, nye opplevingsprodukt, nye
idear/kunnskap for å utvikle bedriftene, nye måtar å selje produkta på og nye eller vidareutvikla
produksjonsprosessar.

Desse resultata er stimulert av den økonomiske støtte programmet har gitt og dei
faglege aktivitetane programmet og fellesprosjekta har sett i verk. Bedriftene si eiga drivkraft for å
skape noko nytt har vore viktig. Programmet har i liten grad nådd fram til hagebruksbedrifter i Nordfjord
med økonomisk støtte. Det er nødvendig at programmet vurderer korleis ein kan bidra til vidareutvikling i
dette området. Det er også trong for at marknadsføringsarbeidet utviklar mekanismar for at
marknadsinformasjon kjem tilbake til arbeidet med produktutvikling. Programmet bør også vurdere
korleis ein kan oppnå ein sterkare arbeids‐ og ansvarsdeling mellom dei regionale og lokale
fellesprosjekta for å oppnå ressurseffektive tiltak og felles profilering.