Rapport
Id:
2008-8

Forskarar frå Vestlandsforsking har i perioden 2004-2007 tatt aktivt del i endrings- og utviklingsprosessar i INC-gruppa i Flora, I Fjord Seafood i Måløy og reiselivet i Aurland. Arbeidet har vore leia av eit fylkesstyre med deltakarar frå NHO, LO, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vestlandsforsking. Denne rapporten viser korleis arbeidet har gått føre seg ut frå forskarane sin ståstad. Vi drøftar korleis nettverksorganisering påverkar bedriftene sin fleksibilitet og sårbarheit, korleis kunnskapssystemet og deltakarane si rolle i styret for VS2010 Sogn og Fjordane kan påverke arbeidet og i kva grad metoden dialog og brei medverknad er egna som verkemiddel for å skape endring og utvikling.