Kva rolle spelar kultur i berekraftig reiseliv?

Artikkel
Id:
April 2022
Utgjevar:
22 WEI International Academic Conference Proceedings

I løpet av dei siste 30 åra har fleire og fleire forska på berekraftig reiseliv. I jakta på berekraftige løysingar har forsking via størst merksemd til naturbasert turisme, medan det har vore mindre fokus på kva rolle kulturbasert reiseliv kan spele i arbeidet mot eit meir berekraftig reiseliv. Denne artikkelen bidreg til å fylle dette kunnskapsholet ved å synleggjere korleis kulturbaserte aktivitetar kan skape meir berekraftig åtferd blant turistar og fastbuande i Sunnfjord, Norge.