IT-basert rettleiingsteneste for mosjonistar
Rapporten er forprosjekt for eit mogeleg kunnskapsbasert næringsretta tiltak, ”It – basert rettleiingsteneste for mosjonistar”. Rapporten er utvikla i samarbeid mellom Vestlandsforsking og idrettsseksjonen ved HSF. Føremålet med forprosjektet har vore å utvikle prosjektidéen vidare og vurdere om det kan vere grunnlag for å setje i verk ei slik teneste. Konklusjonen er at det er marknadsmessig grunnlag for å gå vidare med prosjektet.